Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Bachs blomstermedisin

Bachs blomstermedisin

Oppdatert 03.05.2017
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Teorien bak Bachs blomstermedisin er at personlegdom er sers viktig for om og korleis sjukdom får utvikle seg. Foto: stock.xchng

Teorien bak Bachs blomstermedisin er at personlegdom er sers viktig for om og korleis sjukdom får utvikle seg. Foto: stock.xchng

Samandrag

  • Teorien bak Bachs blomstermedisin er at helseproblem skuldast negative kjensler, og at slike kan behandlast med særs fortynna essensar av blomar og planter.
  • Ut frå våre krav finst det ikkje solid vitskaplig støtte til å hevde at Bachs blomstermedisin verkar.
  • Det ligg heller ikkje føre solid dokumentasjon på tryggleiken.

Verkar det?

16. februar 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om Bachs blomstermedisin. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at Bachs blomstermedisin verkar.

Er det trygt?

Alle som vil, kan kalle seg "Bach-terapeut", homøopat, naturterapeut eller likande og praktisere Bachs blomstermedisin utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i blomstermedisin gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Ifylgje Natural Medicines er ikkje dokumentasjonen av tryggleiken tilstrekkelig til å kunne vurdere den. Kjelda seier likevel at ein reknar med at det lave innhaldet av stoff frå plantene ikkje kan føre til skade, så lenge dei vert nytta i moderate mengder. Den største risikoen er truleg forverring av tilstanden, dersom ein vel bort naudsynt, verksam behandling til fordel for Bach blomstermedisin.

Gravide og dei som ammar bør ifylgje kjelda likevel unngå å bruke Bachs blomstermedisin, fordi produkta inneheld alkohol: Ein veit at alkohol kan gje skade på foster, bli overført til morsmjølka, og dermed forstyrre bornet si utvikling og gje skade.

Biverknadar

Ifylgje Natural Medicines er det ikkje rapportert om biverknadar av Bachs blomstermedisin. Dei seier at fordi blomsteressensane inneheld få eller ingen aktive innhaldsstoff, er det ikkje sannsynleg at dei fører med seg biverknadar.

Dersom du likevel opplever forverring eller negative verknadar som du trur skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.

Generell varsemd
Bruk av alternativ behandling bør ikkje kome i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Ein bør vere merksam på risikoen for helseskade dersom terapeuten ikkje rår klienten sin til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Vi rår på generelt grunnlag til å velje blant alternative behandlarar som er registrerte i Brønnøysundregistra.

Bakgrunn

Teorien bak Bachs blomstermedisin er at sjukdom og andre problem med helsa skuldast negative kjensler, og at ein kan bearbeide slike kjensler med særs fortynna essensar av blomar og planter.

Behandlingsforma vart utvikla på 1930-tallet av lækjaren og homøopaten Edward Bach. Han meinte at sjukdom var "uttrykk for manglar" i personlegdomen hjå pasientane: at personlegdomen din, naturen din, karakteren din og kjenslene dine er særs viktige for om, og korleis, sjukdom får utvikle seg. Difor meinte han at det var viktigare å leite etter og behandle mentale og kjenslemessige problem, og ikkje rette seg mot dei fysiske plagene du måtte kjenne.

Eit utval av dei 38 ulike remediane i Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Eit utval av dei 38 ulike remediane i Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Bach meinte og å ha identifisert at mennesket har 38 ulike kjensler som fører til helseproblem, og laga blomsteressensar som skulle hjelpe mot kvar av desse. Han laga og ei blanding av fem ulike essensar (såkalla "Rescue Remedy"), som han meinte kunne brukast i nødsituasjonar mot traumer, som til dømes sjokk-opplevingar.

Blomsteressensane vert laga frå ein "mor-tinktur", slik ein kjenner att frå homøopatien. I blomstermedisinen vert mor-tinkturen laga ved å plassere delar av planter i vatn, som så vert utsett for sollys. Over tid vil essensen frå planten sige ut i vatnet. Så tynnar ein ut mor-tinkturen ved å ta eit par dropar frå han over i destillert vatn, som ein så tilset alkohol. Då har ein fått det Bach-terapeutane kallar ein "blomsteressens".

Til tross for denne uttynninga, meinte Bach at blomsteressensane framleis inneheld gunstig "energi" frå planten. I litteraturen om Bach blomstermedisin vert denne “energien” nokre gongar og kalla “vibrasjonar”.  Bach-terapeutane meiner at ”energien” i blomsteressensane kan korrigere det han meinte var ubalanse i klienten si psyke, og at dette er ein føresetnad for å verte frisk frå fysiske helseproblem.

Bachs blomstermedisin i praksis

Ifylgje utøvarane vert Bachs blomstermedisin nytta i behandling av mange typar helseproblem. Dette provar ikkje at behandlinga er trygg, eller har vitskapleg dokumentert verknad. 

Ifylgje kjeldene våre vert Bachs blomstermedisin brukt mellom anna ved astma, irritabel tarm-syndrom, hovudverk, migrene, muskelsmerter, stress, utmatting, depresjon og angst. I tillegg kjem hensikter som det å betre kunne takle emosjonelle og kjenslemessige problem så som misunning, sjalusi, manglande evne til å lære av feil, egoisme, manglande evne til å seie nei, skuldkjensle, dårleg tolmod, låg sjølvkjensle og skam.

Behandlinga startar gjerne med ein samtale, der terapeuten ynskjer å få oversikt over klienten sine plager og symptom. Meininga med dette er at terapeuten vil kople dei plagane og symptoma som klienten opplyser, til metoden si forståing av kva slag negativ kjenslemessig tilstand klienten er i. Når det er gjort, vel terapeuten ut dei blomsteressensane som han meiner er "rett behandling" mot desse kjenslene. Terapeuten vel gjerne ut fleire essensar. Desse kjem på små flasker, som klienten skal ta nokre dråpar frå på tunga kvar dag.

Oppfølginga består i at klienten kjem attende til terapeuten, som vil høyre om klienten kjenner seg betre eller verre. Som fylgje av dette, kan blomsteressensane bli endra. Nokre terapeutar meiner òg at det er viktig at klienten også går med flaska i lomma eller nært inntil kroppen. Dei meiner at slikt nærvær kan auke verknaden av blomsteressensen.

Bachs blomstermedisin vert og nytta av biopatar, homøopatar, kinesiologar og soneterapeutar. Somme Bach-terapeutar tilbyr og klientane opplæring i teorien bak behandlinga, for at klienten sjølv skal kunne velje ut og bruke blomstermedisin på eiga hand - alt etter kva symptom dei meiner dei har. Bachs blomstermedisin finst og som krem til utvortes bruk.

Vitskapen støtter korkje at dei uttynna essensane ber med seg "energi", Bach sine koplingar mellom visse kjensler og helseproblem, eller at blomsterssensane kan ha effekt på desse problema.  Essensane er til vanleg så uttynna at dei inneheld så lite aktive virkestoff at det ikkje kan målast. Difor reknar vitskapen det som nærast umogleg at blomstermedisinane kan ha verknad eller biverknadar. Ideen om at blomstermedisinen kan ha verknad mot konkrete helseproblem ved å oppbevare flaska i lomma, vert heller ikkje stødd.

Bach-terapeut er ikkje en verna tittel i Noreg. Det vil seie at alle som vil, kan kalle seg Bach-terapeut og/ eller praktisere Bachs blomstermedisin.

Les meir

Kjelder

Sjå bilet-serien vår om Bachs blomstermedisin her

Oppdatert 03.05.2017