Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Biopati

Biopati

Oppdatert 21.03.2017
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |   Les meir  |  Kjelder 

Bruk av urter og kosttilskot inngår i behandlingssystemet biopati. Foto: iStockphoto

Bruk av urter og kosttilskot inngår i behandlingssystemet biopati. Foto: iStockphoto

Samandrag

  • Biopati er eit behandlingssystem som femner fleire, ulike alternative diagnoseverktøy og behandlingsformer.
  • Ut frå våre krav finst det ikkje solid vitskaplig støtte til å hevde at biopati verkar. 
  • Frå forskinga veit ein at bruk av biopati kan gi visse biverknadar, ved at ymse middel som vert brukt i behandlinga kan påverke medisinar, urter og kosttilskot, samt resultata av medisinske prøver og inngrep.  

Verkar det?

Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelige diagnoseverktøy. Vitskapen støtter ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.

16. februar 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om biopati som behandlingssystem. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at biopati som behandlingssystem verkar.

Er det trygt?

Alle som vil, kan kalle seg biopat og praktisere biopati utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i biopati gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Det ligg ikkje føre dokumentasjon om tryggleiken ved biopati som system i kjeldene våre.  Vi kan dermed ikkje seie noko om metoden kan reknast som trygg å bruke eller ikkje.

Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom utøvaren ikkje rår klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Biverknadar

Det ligg ikkje føre dokumentasjon på biverknadar av biopati i kjeldene våre. Dersom du likevel kjenner negative verknadar som du meiner kjem av behandlinga, bør du oppsøkje lækjar.

Generelle tryggingsråd

Store endringar i kosthaldet bør kun skje etter ein har samrådd seg med lækjar.

Urter og kosttilskot kan påverke verknaden av lækjemiddel og resultat av medisinske prøver. Bruk av slike produkt saman med lækjemiddel og medisinsk behandling bør difor kun skje i etter ein har samrådd seg med lækjar.

Du bør ikkje nytte biopati eller anna alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Vi rår på generelt grunnlag til å velje behandlerar som er registrert i Brønnøysundregistra.

Bakgrunn

Biopatane meiner at vi heile tida vert utsett for indre og ytre påkjenningar som kan gjere oss sjuke. Desse kallar dei for antihomeostatiske faktorar, og omgrepet femner vidt. Nokre av påkjenningane biopatane nemner er: mor di sin tilstand under graviditeten, dårlege gener som du har fått i arv, forgiftingar du vart fødd med, psykososialt stress, mangel på vitamin, mineral, feittsyrer, protein eller enzym.

Biopatien reknar òg mangel på mosjon, sol, frisk luft og søvn som slike faktorar. I tillegg kjem påkjenningar som byggjer på tanken om at maten vi et er tilsett mykje skadelege stoff, at vi er utsett for mange miljøgifter, samt at vass-årer og elektriske installasjonar gir frå seg skadeleg stråling.

Foto: iStockphoto

I følge biopatene prøver kroppen sjølv å tilpasse seg alle desse påkjenningane og regulere seg attende til likevekt, eller homeostase som dei også kallar det. Så lenge kroppen klarar dette, er vi friske.  Men, blir påkjenningane for store, meiner biopatane at kroppen kjem i ubalanse og vi vert sjuke.

Ut frå symptoma du har, plasserer biopaten deg inn i éin av biopatien sine sju tilpassingsfasar (adaptasjonsfasar):

 

Biopatene meiner å kunne seie kva fase du er i ved å spørje deg om helsetilstanden din. Nokre biopatar undersøkjer óg fargane og strukturen i auget ditt (irisanalyse), og i blodet ditt (mørkefeltsmikroskopi).

Nokre nyttar også kinesologi, soneterapi og hårmineralanalyse som diagnoseverktøy. Det finst og biopatar som bruker en biotron, som er ei maskin dei meiner kan måle energiar og lese av kroppen sin tilstand.

Når biopaten meiner å ha funne kva fase du er i, lagar han ei oversikt over behandlinga han meiner at du treng for å kome attende i likevekt eller fase 1.

I sjølve behandlinga nyttar biopatane ulike alternative behandlingsformer, som til dømes regulasjonsterapi (bruk av urter til utreinsking og avgifting) symbioseterapi (tilskot av levande mikroorganismar, som mjølkesyrebakteriar), ein variant av homeopati som vert kalla isopati, råd om kosthald og matvanar, og tilskot av vitamin og mineral. Nokre biopatar nyttar og akupunktur, øyreakupunktur og soneterapi.

Biotron, irisanalyse, mørkefeltsmikroskopi, kinesologi, soneterapi og hårmineralanalyse vert ikkje rekna som pålitelige diagnoseverktøy. Vitskapen støtter ikkje biopatien sin ide om at alle symptom er teikn på at kroppen tilpassar seg.

Når det gjeld behandlingsformene som vert nytta i biopati, har vi eigne artiklar om akupunktur, øreakupunktur, soneterapi og utreinsking/avgifting. Vi har òg ein seksjon med som vert nytta i biopatien.  Fleire urtar, næringsstoff og kosttilskot som biopatane kan foreslå som behandling, vil du og finne i seksjonen vår om faktaark om mat, urter og ulike tilskot.

Når det gjeld tilskot av mikroorganismar, er det kun bruk av mjølkesyrebakteriar til førebyggjing og behandling av diaré som har solid dokumentasjon på at har verknad. Det er likevel ikkje heilt klårt korleis dei verkar.

Dersom ein har eit sunt og variert kosthald er det ifylgje Helsenorge.no ikkje naudsynt med tilskot av ymse slag.  

Her kan du lese Helsedirektoratet sine råd om kosthald.

Variantar: Biopati vert òg kalla «biologisk medisin».

Les meir

Kjelder

Oppdatert 21.03.2017