Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Biopati

Biopati

Oppdatert 12.10.2012

NIFAB nyttar The Cochrane Library som kjelde til informasjon om verknad. Til informasjon om tryggleik, nyttar NIFAB òg Natural Medicines og Natural Standard som kjelder.

Foto: iStockphoto

Samandrag

Kva er biopati?

Biopati i praksis

Verkar det?

Er det trygt?

Les meir

Kjelder

Samandrag

  • Biopati er eit behandlingssystem som består av fleire alternative behandlingsformer som immunterapi, ernæringsterapi, urtemedisin samt diverse analysemetodar. Målet i biopatien er å gjenopprette ubalansar i kroppen ved å styrke kroppen si evne til å helbrede seg sjølv. I følgje utøverane er biopati mest brukt ved kroniske lidingar.
  • Det finst ikkje solid dokumentasjon på at biopati har verknad mot helseproblem.
  • Det finst ikkje solid dokumentasjon på tryggleiken ved biopati.

Kva er biopati?

Variantar: Biopati vert òg kalla “biologisk medisin”.

Biopatien vart utvikla på byrjinga av 1980-tallet av den danske naturmedisinaren Kurt Winberg-Nielsen, som meinte at skulemedisin aleine ikkje var nok for å førebyggje og kurere sjukdom.

I følgje biopatane vert mennesket heile tida utsett for påkjenningar som kan trekkje oss ut av det dei kaller “likevekt” eller “homeostase”.

Foto: iStockphoto

Biopatien reknar til dømes ubalanse i tarmen grunna kroniske infeksjoner og betenningar, opphoping av gift, samt ulike former for stråling, stress, og mangel på stoff som kroppen treng for å fungere best mogleg, som eksempel på slike påkjenningar.

Biopatane meiner at ein er frisk og ved god helse når kroppen klarer å vere i likevekt, til tross for påkjenningane. Dersom desse vert for store, seier dei at kroppen fell ut av likevekt, og at det er grunnen til at ein vert sjuk.

Biopatane meiner å kunne vurdere kor alvorleg ubalanse klienten har, ut frå sju fasar. Desse vert kalla adapsjonsfasane:

Fase 1: Regulering: Personen er frisk, utan plager eller sjukdom. Kroppen er då i balanse, og klarar sjølv å kompensere for dei stadige påkjenningane som prøver å få han ut av likevekt.

Fase 2: Dysfunksjon: Kroppen er i mindre ubalanse, og søkjer attende til likevekt ved å prioritere såkalla ”avgiftande” organfunksjonar. I følgje biopatien må kroppen då nedpriorietere andre funksjonar. Biopatien sine teikn på at ein person er i denne fasen er mellom anna vere hudutslett, hovudverk, dårleg fordøying, forstopping, diaré, trøytte og muskelspenningar.

Fase 3: Akutt infeksjon: I følgje biopatien er ein i fase tre, når kroppen vert utsett for mikrobar som bakteriar, virus og sopp, som fører til sjukdom. Då vert immunforsvaret aktivert, og biopatien sine teikn på dette er mellom anna symptom på forkjøling, influensa, og ulike former for katarr.

Fase 4: Kronisk infeksjon: Hvis påkjenningane frå mikrobane vert så store at kroppen ikkje evner å kvitte seg med dei, meiner biopatane at kroppen prøver å hindre mikrobane å spreie seg, ved at immunforsvaret kapslar dei inn. Ifølge biopatane skjer slik innkapsling i slimhinnene, til dømes i tarmen og andedrettsystemet. Indikasjonar på at klienten har nådd denne fasa, vert sagt å vere auka trøytte, belasting på organ som nyre og lever, nedsett vitalitet og at ein har lett for å få infeksjonar.

Fase 5: Allergi: Biopatane meiner at immunforsvaret misser evna til å skilje mellom kva som er skadeleg og nyttig for kroppen når det vert pressa i lengre tid. Skjer dette, får ein allergiske reaksjonar. Har ein allergi, er ein difor ifylgje biopatien i fase 5.

Fase 6: Depotdanning: Når sjukdom får utvikle seg til fase seks, meiner biopatane at kroppen søkjer etter likevekt ved å lagre eller deponere skadelege stoff som syre og toksinar i bindevev og musklar, for å unngå at dei vert spreia med blodet. Biopatien sine teikn på at ein er i denne fasen skal til dømes vere betenningar, autoimmune lidingar, reumatisme, gikt, slapp blære, nedsunken livmor, nedsunken tjukktarm med utposingar og kronisk forstopping, hemoroidar, åreknutar, krinslaup-sjukdommar, gallestein og nyrestein.

Fase 7: Intracellulær dysbiose: Fram til denne fasen, har kroppen i følgje biopatane prøvdmed alle middel å tryggje cellene sine. Når kroppen ikkje klarar dette lengre, meiner dei at “giftstoff” vil trengje inn i cellene. Det som skjer då, kallar ein for "intracellulær dysbiose": cellene byrjar å oppføre seg unormalt, slik som ved kreft.

Målet i biopatien er å styrkje kroppen sine evner til å hele seg sjølv, slik at klienten kan vinne attende og oppretthalde likevekta. For å nå dette målet, brukar biopaten ulike alternative diagnose- og behandlingsformar.

Biopati i praksis

Internasjonalt vert biopati nytta til å behandle fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at biopati er trygt eller har vitskapleg dokumentert verknad mot disse. Meir om forskning på verknad og tryggleik finn du i avsnitta under.

Kva brukar ein biopati ved?

Biopati vert nytta ved ei lang rekke ulike helseproblem, så som astma og allergi, eksem, betennelse, menstruasjonssmerter, giktlidingar, forstopping og diaré.

Korleis går behandlinga føre seg?

Diagnosen

Gjennom samtale og forskjellige testar meiner biopatane å avdekke kva for ubalansar som kan vere grunnen til dei symptoma pasienten har.

Biopaten ynskjer mellom anna å vite om moglege teikn på sjukdom, pasienten si sjukehistorie, matvanar, kosthald og livsstil, samt fordøying.

I tillegg til å snakke med klienten, nyttar biopatar diagnosemetodar henta frå andre alternative behandlingsformar, som til dømes kinesologi og soneterapi. Dei analyserer også fargane og strukturen på iris i pasienten sitt auge (irisanalyse), og i klienten sitt blod (mørkefeltsmikroskopi).

Resultata frå samtalane, testane og tolkinga av sjukehistoria brukar biopatane så til å plassere pasienten inn i éin av biopatien sine sju adapsjonsfasar (sjå over). Dei lagar så ei oversikt over kva behandling de meiner at klienten treng for at kroppen skal kunne komme tilbake i likevekt. Biopatane kaller behandlingsopplegget sitt for ein "behandlingsprotokoll" eller for eit "regenerasjonsprogram".

Behandlinga

Behandlinga kan innebere bruk av fleire behandlingsformer, til dømes råd om kosthald og matvanar, vitamin- og mineralterapi, urtemedisin, såkalla symbiosekorreksjon (til dømes tilskot av mjølkesyrebakteriar) og immunterapi. I immunterapi freistar biopaten å behandle kroniske infeksjonar og dempe betenningar ved å styrke immunforsvaret.

Nokre biopatar nyttar også andre behandlingsformer, så som klassisk akupunktur, øyreakupunktur og fotsoneterapi.

Det er vanleg at pasienten vert tilrådd eit behandlingsopplegg som varar i kring fire veker. Etter det gjer biopaten gjerne ei ny vurdering, som avgjer om pasienten treng meir behandling.

I følgje biopatane kan valet av behandlingsmetodar variere i stor grad - både ut frå den einskilde biopaten og korleis denne tolkar pasienten sin tilstand.

Korleis finne ein biopat?

Biopat er ikkje ein beskytta tittel i Noreg. Det vil seie at alle som vil, kan kalle seg biopat og praktisere biopati.
Dersom du vil oppsøkje ein biopat, rår NIFAB deg til å nytte utøvarar som er organiserte i forbund og registert i Brønnøysundregistra. Les meir om dette her.

Verkar det?

Våre opplysingar om verknad er basert på oppsummert forsking, og ikkje på enkeltstudiar eller brukar-undersøkjingar. Som kjelde til dette, nyttar vi metastudiar gjort av The Cochrane Library. Her kan du lese meir om vårt val av kjelder og om framgangsmåten vår.

Ved søk den 26.09.2012 fann vi ingen slike av biopati. Det tyder at NIFAB ikkje reknar biopati som tilstrekkeleg undersøkt til at ein kan seie noko om effekt.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved biopati.

Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom utøvar ikkje rådar pasienten sin til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Unngå bruk
Ingen spesielle grupper

Drøft med lækjar
Ingen spesielle grupper

Generelle tryggingsråd
Store endringar i kosthaldet bør kun skje etter ein har samrådd seg med lækjar.

Urter og kosttilskot kan påverke verknaden av lækjemiddel og resultat av medisinske prøver. Bruk av slike produkt saman med lækjemiddel og medisinsk behandling bør difor kun skje i etter ein har samrådd seg med lækjar.

Du bør ikkje nytte biopati eller anna alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Biverknadar

Ifylgje NIFAB sine kjelder er det ikkje rapportert om biverknadar av biopati. Dersom du likevel kjenner negative verknadar som du meiner kjem av behandlinga, bør du oppsøkje lækjar.

Les meir

Kjelder

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".