Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Kinesiologi

Kinesiologi

Oppdatert 26.05.2010

Kinesiologi er ein metode som kombinerer austens teori om menneske sitt energisystem, kalla meridianar, og vestleg anatomi, fysiologi og bevegingslære. Kinesiologi har i dag fleire retningar.

Granske styrken på musklar

Kinesiologi. Foto: Ingun A. Mæhlum

Muskelstyrken i arm testes samtidig som klienten holder en finger på ei flaske med Bachs blomstermedisin. Foto: Ingun A. Mæhlum

Felles for desse er teorien om at ei svekking av eit organ gjev svekking av ein muskel. Terapeutar skal ved å granske styrken på musklar kunne seie om du har fysiske eller psykiske ubalansar eller blokkeringar. Dette gjerast ved lette trykk på ulike stader på kroppen.

Ein kinesiolog søkjer å gjenopprette balansen ved hjelp av ulike teknikkar, som: massasje av akupunkturpunkt, homøopatiske middel, kosthaldsråd, kosttilskot, fysiske øvingar, og mentale teknikkar. Føremålet med kinesiologi er å sette i gang prosessar så kroppen kan heile seg sjølv.

Metoden vert nytta ved ulike lidingar, som til dømes stress, ekamensangst, depresjonar, ryggplagar og innlæringsproblem. Nokon nyttar kinesiologi for å førebyggje sjukdom, auke idrettsprestasjonar og for å få meir energi.

Det fins førebels ikkje vitskapelege studiar på effekt av kinesiologi. Kinesiologi blei utvikla av fleire kiropraktikarar på 1960-talet, og offisielt grunnlagt av den amerikanske kiropraktikaren George Goodheart i 1964.

Referansar

  • Hoffman, Shirl.J(2008): Introduction to Kinesiology. Studying Physical Activity. USA
  • NOU 1998:21
  • VIFAB

Les og

  • Floyd, R.T. (2007): Manual of Structural Kinesiology. M Graw-Hill, New York.

Se vårt bildegalleri her

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".

Var denne informasjonen nyttig?