Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Kopping

Kopping

Oppdatert 30.03.2012

Foto: iStochphoto

Foto: iStochphoto

Denne artikkelen er under revidering. Deler av innholdet vil bli endret i 2012.

Kopping går ut på å setje vakuumkoppar på huden. Huden blir då sugd opp inne i koppen. Friskt oksygenrika blod strøymer då til det oppsugde punktet og huden blir raud. Hensikta med kopping skal vere å auke blodgjennomstrøyminga og tilføre punktet friskt blod.

Behandling

Kopping blir gjerne kombinert med massasje og akupunktur, og kan vere ein del av behandlinga innan tradisjonell kinesisk medisin (TKM). Ved koppingmassasje blir koppar flytta omkring på huden i bestemte bevegelsar og rotasjonar. Sjølve behandlinga kan vere ubehageleg eller til og med smertefull. Sugemerka etter koppane kan vere ømme i nokre dagar etter kvar behandling. Under og etter behandling er det ikkje uvanleg at klientane blir trøytte eller kjenslevare.

Tidlegare vart dyrehorn nytta ved at ein trykte hornet mot huden og saug lufta ut i andre enden av hornet. Moderne kopping gjerast med sugeskåler av glas eller metall, eller ei maskin som gjev negativt trykk ved å pumpe. Lengda på ei behandling samt kor mange koppar som nyttast avhengjer av klienten sin alder, tilstand og plager.

Teori

Kopping byggjer på teorien om at kalde soner på kroppen indikerer smerte og dårleg blodgjennomstrøyming, og at det skal vere ein samanheng mellom sirkulasjonen i huden, muskulatur og dei indre organa.

Kopping eller vakuumterapi er ei gammal terapiform innanfor både vestlege og austlege kulturar, og har også i Noreg vore tradisjon i lang tid. Fram til 1920 vart såkalla ”koppekoner” registrerte som eigen yrkesgruppe i Kristiania. I dag finns det utøverar av kopping mellom både alternative terapeutar og til dømes fysioterapeutar.

Behandlinga nyttast til dømes ved muskel- og leddsmerter, hovudverk, nakkesleng, migrene, dårleg blodsirkulasjon eller som støtteterapi ved andre former for behandling.

Forskning

NIFAB bruker Cochrane Librarys metastudier som kjelde til informasjon om forsking på effekt.

Verkar det?

Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekten av kopping. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukererfaringar på effekten av kopping, regnast ikkje dette som solid dokumentasjon.

Søket er gjort i november 2010. Les meir om forsking og NIFABs kjelder og framgangsmåte her.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken for folk flest ved bruk av kopping, men samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege biverknader.Nokre grupper vert imdidlertid råda til varsemd.

Biverknadar

Dersom du merkar negative effektar som du meiner skuldast kopping, bør du kontakte lege.

Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom terapeuten ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typer alternativ behandling.

Bruk av kopping og/ eller anne alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta . Les meir om dette i NIFAB si pasientrettleing.

Drøft med lækjaren
Alvorleg hjartesjuke og andre med dårleg allmenntilstand må vurderast av lækjar før behandling. Personar med følgjande sjukdomar/tilstandar/ lidingar må unngå kopping:

  • allergi
  • betennelsar
  • blodmangel
  • blødningsforstyrring
  • feber
  • gravide
  • dårleg hjarte
  • krampetrekingar
  • kreft
  • pulsåresvull
  • sukkersjuke
  • sår
  • utslett

Unngå bruk:
Ved følgjande tilstandar/område på kroppen bør ein unngå kopping:

  • føflekkar eller hudforandringar
  • like etter trening eller gymnastikk
  • på ryggrada

Ifylgje våre kjelder råder ein og til at utøvarar bør unngå å behandle klientar med alvorlege psykiske liingar, eller nokon som er i psykisk ubalanse.

Kjelder

  • Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste AS, Oslo.
  • Natural Standard
  • NCCAM
  • NOU 1998:21 Alternativ medisin, punkt 5.2.3, 6.2, 6.3.22 og 6.3.27.

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".