Denne artikkelen er under revidering. Delar av innhaldet kjem til å bli endra i løpet av 2013.
Miljømedisin er eit omgrep som vert nytta innafor både konvensjonell medisin og alternativ behandling. Det er eit samleomgrep som kan romme fleire terapiformer.
Alternativ miljømedisin inneber diagnostisering, identifikasjon, førebyggjing og behandling av sjukdom som terapeutane meiner skuldast påverknad frå miljøet. Døme på slike påverknadar kan vere kjemiske, fysiske og biologiske eksponeringar og psykososiale tilhøve i mennesket sine omgjevnadar.
Alternative miljømedisinarar meiner at matvarer og ureining av vatn og luft i ein del tilfelle er årsak til ulike sjukdomar, og at dei kan slå fast dette med metodar som kinesiologi, eliminasjonsdiett, dråpetesting under tunga, hårmineralanalyse eller en såkalla vegatest. Denne vert gjort med eit apparat som vert sagt å kunne måle elektrisk motstand og elektriske svingingar i kroppen. Resultata som terapeuten les av på apparatet, skal seie noko om ein er sjuk eller ikkje, samt kva slag sjukdom det er tale om.
Kva metode som alternative miljømedisinarar bestemmer seg for å nytte, er avhengig av kva dei meiner er årsak til helseplagane. Metodar dei ofte nyttar, er råd om endra kosthald og livsstil, miljømessige tilretteleggingar, ernæringsterapi og naturlækjemiddel. I Noreg er ein del utøvarar av alternativ miljømedisin lækjarar, og dei nyttar vanleg skulemedisin der dei meiner det høver.
Behandlinga vert nytta ved sjukdom og helseplager som mellom anna astma, eksem, migrene, hjartebank, revmatisme, leddsmerter søvnforstyrring, mage- og tarmlidelser, autisme og ADHD. Dette er ikkje det same som at behandlinga har vitskapleg dokumentert verknad, eller er trygg å bruke.
Vi bruker Cochrane Library sine metastudier som kjelde til informasjon om verknad. Les meir om vårt val av kjelder og framgangsmåte her.
Verkar det?
Ved søk i Cochrane i april 2013, var det ingen slike metastudiar av miljømedisin som behandlingssystem. Det finst dermed ikkje solid dokumentasjon på effekt av systemet. Sidan miljømedisin er sett saman av fleire alternative diagnostiserings- og behandlingsmetodar, må du sjå i kvar av faktaartiklane våre om desse, etter informasjon om forsking på verknad. Sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene i teksten ovanfor. Det kan og finnast fleire, som vi ikkje har skrive om enno.
Sjølv om det kan finnas enkeltstudiar og systematiserte brukarerfaringer på effekten av miljømedisin, reknar ikkje vi dette som solid dokumentasjon. Etter våre kriterie kan ein ikkje seie noko om effekten av miljømedisin som system. Etter våre kriterie har ein då heller ikkje tilstrekkeleg støtte i vitskapen for å hevde at behandlinga verkar. Les meir om forskning, kjeldene og framgangsmåten vår her.
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av miljømedisin, men samstundes er det heller ikkje rapportert i kjeldene våre om alvorlege biverknadar.
Lækjarar som praktiserer Miljømedisin, må også då halde seg til helsepersonellova. Det inneber mellom anna at dei skal praktisere fagleg forsvarlig, og ikkje utsette pasientar for helserisiko. For nærare informasjon om tryggleiken for kvar enkelt metode som høyrer til miljømedisin, sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene i teksten ovanfor.
Biverknadar
Dersom du opplever negative effekter som du meiner skuldast miljømedisinen, bør du ta kontakt med lækjar.
Ver merksam på at det kan oppstå risiko for helseskade dersom terapeuten ikkje rår klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.
Bruk av miljømedisin og/ eller annan alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientvegleing.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".
| Gi oss tilbakemelding på denne siden | Tweet |
|