Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Naturopati

Naturopati

Oppdatert 21.04.2013

Foto:stock.xchng

Foto:stock.xchng

 Denne artikkelen er under revidering. Deler av innholdet vil bli endret i 2013.

Naturopati er ei behandlingsform som særleg leggjer vekt på avgifting, reinsing, kosthald og ernæring. Metoden dreiar seg meir om førebyggjing enn om kurering av sjukdom. Naturopati omfattar blant anna urtemedisin, blomstermedisin, soneterapi, hydroterapi, meditasjon, yoga og øyreakupunktur.

For å stille diagnose vil ein naturopat intervjue klienten om noverande sjukdom, symptom, arv, tidlegare sjukdom, kosthald, søvn, stress, bruk av alkohol og tobakk. Terapeutane søkjer å minske mengda av fysiologiske og psykologiske belastingar. På den måten meiner dei at kroppen kan lækje seg sjølv. Ein naturopat vil også  oppmode klientane sine til eigenomsorg for auka livskvalitet. Det kan til dømes vere å få dagleg mosjon, sol og frisk luft, i tillegg til å drive meditasjon og ha det dei meiner er rett kosthald. Nokre naturopatar oppmodar klientane sine til å ikkje nytte vaksiner.

Naturopati vert nytta ved mange ulike helseproblem, som til dømes kroniske lidingar, matintoleranse, vanskar med fordøying, underernæring, overernæring, hormonelle ubalansar, søvnvanskar og leddplagar. Nokon nyttar og naturopati som førebyggjande mot stress og belastingssjukdomar.

Naturopati har røter frå Tyskland, og blei vidareutvikla i USA på byrjinga av 1900-talet.

Forsking

Vi bruker Cochrane Librarys metastudier som kjelde til informasjon om forsking på verknad. Les meir om vårt val av kjelder og framgangsmåte her.

Verkar det?

Naturopati er ei terapiform sett saman av fleire ulike behandlingsmetodar. Pr april 2013 finst det ingen slike metastudiar av naturopati som behandlingssystem i Cochrane Library. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukererfaringar på effekten av naturopati, reknar ikkje vi dette som solid dokumentasjon. Dermed kan vi ikkje seie noko om effekten av systemet. Etter våre kriterie har ein dermed ikkje tilstrekkeleg støtte i vitskapen til å hevde at naturopati som behandlingssystem verkar.

For informasjon om forsking på dei ulike metodane som inngår i naturopati, klikk på metoden det gjeld i menyen til venstre.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av naturopati, men samstundes har ikkje kjeldene våre registrert risiko for alvorlige biverknadar.

Biverknadar

Dersom du opplever negativ effekt som du meiner skuldast naturopati, bør du kontakte lege.

Vær merksom på at det kan oppstå helseskade dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling, men særskilt naturopati og andre behandlingar der terapeuten rår til å unngå medisinsk hjelp og vaksine.

Bruk av naturopati og/eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientveiledning.

Referansar

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".