NIFAB nyttar The Cochrane Library som kjelde til informasjon om verknad. Som kjelder til informasjon om tryggleik nyttar vi òg Natural Medicines.
Foto: iStockphoto
Variantar: Øyrelysbehandling vert òg kalla otopati.
Engelske namn: Otopathy, Auricular Candles, Ear Candling, Ear Candle Therapy, Ear Candle Treatment, Ear Coning, Thermal-Auricular Therapy.
Det finst lite dokumentasjon på kvar og korleis øyrelysbehandling oppsto, men øyrelys skal vere brukt i både kinesisk, tibetansk, egyptisk og indiansk folkemedisin.
Behandlarane meiner at plager som dårleg hørsle, tinnitus, vatn i mellomøyret og øyrebetenning skuldast oppsamla propper av øyrevoks. Oppsamla øyrevoks er kjent som eit vanleg problem i befolkninga, og fjerning av det er ei svært vanleg prosedyre i helsetenesta.
Eit øyrelys er eit hult rør av lin eller bomull, smurt inn med olje eller bivoks. Behandlarane meiner at varmen frå det brennande øyrelyset løyser opp, reinser og trekkjer ut voks, sjølv om den kan ligge djupt inne i øyret. Det finst to teoriar om korleis dette skal vere mogleg:
1. Varmen fra lyset smeltar voksen og lagar eit vakuum i røret, slik at voksen vert sygd ut.
2. Lyset syg ikkje ut voksen, men varmar opp øyregangen slik at voksen smeltar og renn ut av seg sjølv i løpet av nokre dagar etter behandlinga.
Under behandlinga er det vanleg at klienten ligg på sida. Øyrelyset vert så plassert slik at det dekkjer heile øyreopninga. Behandlaren sèt så fyr på lyset og let det brenne i 10- 15 minutt.
Når lyset vert fjerna, er det vanleg å sjå ein brun, voksaktig substans i lysestubben. Behandlarane tolkar dette som øyrevoks, bakteriar eller anna materiale som er blitt reinsa ut or øyregangen. Dei meiner at dette er prov på at metoden verkar.
Ifylgje behandlarane er det viktig å alltid behandle båe øyra, sjølv om klienten berre har problem med det eine øyret. Nokre behandlarar nyttar også andre metodar saman med øyrelysbehandling, som til dømes massasje, aromaterapi eller avslappingsteknikkar. Ifylgje behandlarane er øyrelysbehandling smertefritt.
Internasjonalt vert øyrelysbehandling nytta for å behandle fleire typar helseplager. Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har støtte i vitskapen for verknad. Meir om forsking på tryggleik og verknad finn du i avsnitta nedanfor.
Svaret på dette spørsmålet hentar vi frå konklusjoner i internasjonale kunnskapsoppsummeringar. Vi brukar The Cochrane Library og Natural Medicines som kjelder til dette.
Den 2.november 2012 var det ingen slike oppsummeringar om øyrelysbehandling i kjeldene våre. Etter våre kriterie har ein då ikkje solid vitskapelig støtte for å hevde at behandlinga verkar.
Ynskjer du å leite etter etter enkeltstudiar om øyrelysbehandling, kan du søke etter slike i den amerikanske databasen PubMed. Denne basen vert rekna som det største opne arkivet over enkeltstudiar innan medisin og behandling.
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleik ved bruk av øyrelysbehandling.
Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte øyrelysbehandling. Dei skriv imidlertid at øyrelysbehandling i teorien kan forverre tilstanden for den som har skade på trommehinna.
Forskinga rapporterar om fleire potensielt alvorlege risikoar ved øyrelysbehandling. Grunnen til dette er at tilfelle der varm voks eller aske har dryppa på klienten sitt hår eller hud, og ført til brannsår.
Det er òg rapportert om tilfelle der voks har dryppa ned i øyregangen og ført til auka tetting, midlertidig tap av hørsla, og hol på trommehinna.
Ut over det som er nemnt over, er det ikkje rapportert om biverknadar ein kan forvente av sjølve behandlinga. Dersom du likevel opplever negative verknadar som du meiner skuldast øyrelysbehandling, bør du kontakte lækjar.
Alternative behandlarar kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.
Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre alltid vise ekstra varsemd i bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene.
Ein bør vere merksam på at det kan oppstå helseskade dersom behandlaren overser viktige symptom, og ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former alternativ behandling.
Ein bør ikkje bruke alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".
| Gi oss tilbakemelding på denne siden | Tweet |
|