
Tai chi. Foto:Luigi Scorcia med Creative-Commons Lisence.
Denne artikkelen er under revidering. Deler av innholdet vil bli endret i 2013.
Tai chi er ei treningsform som kjem frå Kina. Nemninga er kinesisk, og tyder ”det aller høgste”. Det er ein variant av qi gong, og er ein del av det samansette orientalske medisinske systemet som inneheld akupunktur, massasje, akupressur, urtemedisin og kopping.
I det 13.hundreåret f.Kr. utvikla utøvarar av kampkunst ei treningsform basert på sjølvforsvars-rørsler, for å halde ut lengre og få betre smidigheit, balanse og koordinering. Samstundes skulle ikkje treninga vere belastande for kroppen. Frå den tid har tai chi utvikla seg gjennom fleire fasar. Fyrst i 1960-åra blei det gjeve undervisning i tai chi i Europa og USA.
Tai chi blir ofte utført gruppevis. Det kan sjå ut som ein sakte dans, med flytande, avslappa bevegelsar. Ifylgje læra skal tai chi gi utøvaren betre andedrett og betre evna til å slappe av, samstundes som det skal styrkje kroppen utan å skade ledda. Treningsforma skal òg kunne hjelpe til med å fjerne stress og muskelspenningar frå rygg, skulder og hofta.
Når ein gjer tai chi, legg læra vekt på at ein skal fokusere på andedrettet, og koordinere øvingane med pusterytmen. Difor vert tai chi ofte kalla ”meditasjon i rørsle”. Ein finn og nemninga skuggeboksing om tai chi. Det blir utført med fleire rolege, grasiøse øvingar i eit bestemt mønster, i ei såkalla kort eller lang form:
Ei kort form varer frå fem til ti minutt, og skal innehalde 37 eller 48 øvingar. Ei lang form tek 20–60 minutt, og skal innehalde 108 øvingar. Tai chi vert oftast lært og gjort i gruppe, leia av ein instruktør. For å ha nytte av tai chi, må du ifylgje læra gjere det minst ein gong i veka.
Som kjelde til informasjon om verknad, nyttar vi metastudiar frå The Cochrane Library. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar av tai chi, er slike studiar ikkje nok til å seie noko sikkert om effekt Les meir om vårt val av kjelder og vår framgangsmåte her. Les meir om forskingsmetodar her.
Tai chi vert nytta ved plager som angst, spenningar i musklar, men òg ved leddbetennelsar, ryggproblem, blodtrykk- og sirkulasjonsproblem og kreft. Meir informasjon om tai chi ved kreft, finn du i artikkelen om dette på temasidene våre om kreft og alternativ behandling. Internasjonalt veit ein at tai chi vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at metoden har vitskapeleg dokumentert effekt mot desse.
Ved søk i The Cochrane Library var det i april 2013 èin metastudie på tai chi. Denne undersøker om Tai Chi har verknad ved leddgikt. Les det norske samandraget av metastudien her.
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av Tai chi. Sjølv om instruktørane reknar Tai chi som trygt, åtvarar dei samstundes klientar med brokk, ryggsmerter, beinbrist, ledd-problem, alvorleg beinskjørleik og gravide mot å starte med tai chi utan å kontakte lege på førehand. Instruktørane rår også den som har ein infeksjon i kroppen, er veldig trøytt eller nettopp har ete, til å ikkje gjere tai chi.
Biverknadar
Det er ikkje rapportert om risiko for alvorlige biverknadar i forskingskjeldene våre. Ifylgje instruktørane kan ein oppleve milde og forbigåande biverknadar som til dømes forstrekkjing eller ømme musklar.
Dersom du opplever anna negativ effekt som du meiner skuldast Tai chi, bør du kontakte lege.
Vær merksom på at det kan oppstå helseskade dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Kjeldene våre rår gravide, dei som ammar og born om å syne ekstra varsemd i all bruk av alternativ behandling, fordi det er vanlegvis er gjort lite gransking av tryggleiken for nett desse gruppene. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.
Bruk av Tai chi og/eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i pasientrettleiinga vår.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".
| Gi oss tilbakemelding på denne siden | Tweet |
|