NIFAB nyttar The Cochrane Library som kjelde til informasjon om verknad. Som kjelder til informasjon om tryggleik nyttar vi òg Natural Medicines.
Foto: iStockphoto
Éin av teknikkane i visualiseringsterapi går ut på å lytte til innspelte rettleiingar.
Variantar: Styrt meditasjon, guidet visualisering
Engelske namn: Visualization therapy, Guided imagery
Visualiseringsterapi vart kjent på 1970-talet, av den amerikanske radiologen Carl Simonton og psykoterapeuten Stephanie Matthews-Simonton. Ein meiner at visualisering som behandling òg har røter i eldre kulturar og religionar.
Å visualisere tyder “å sjå for seg”. Når ein freistar å sjå for seg noko for å behandle eit helseproblem, vert det kalla visualiseringsterapi. Til dømes kan klienten freiste å forestille seg at immunforsvaret går til åtak på sjukdomen, og at ein då skal verte frisk. Ifylgje visualiseringsterapeutar kan dette verke positivt på helsetilstanden.
Visualiseringsterapi kan også femne fleire sansar for å sjå for seg den helsetilstanden ein ynskjer å oppnå. I behandlinga freistar ein å vekkje sanseopplevingar som smak, hørsle, lukt, synsopplevingar og kjensler. Visualiseringsterapi kan gå for seg hjå ein terapeut eller på eiga hand, med hjelp av innspelt lyd.
Visualiseringsterapi vert ofte kombinert med avslappingsteknikkar som til dømes meditasjon. Ifylgje utøvarane kan slike teknikkar gjere visualiseringa meir effektiv.
Visualisering vert også nytta for å betre prestasjonar, til dømes innan idrett, men det vert ikkje rekna som terapi.
Internasjonalt vert visualiseringsterapi nytta for å behandle fleire typar helseplager. Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har støtte i vitskapen for verknad. Meir om forsking på tryggleik og verknad finn du i avsnitta nedanfor.
Til opplysingar om verknad nyttar vi kunnskapsoppsummeringar av The Cochrane Library. Vi reknar kun slike som tilstrekkeleg for å seie noko om verknad.
Den 2.11.2012 var det ingen slike oppsummeringar i Cochrane Library om visualiseringsterapi. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysingar om verknad av visualiseringsterapi. Ut frå våre kriterie, har ein dermed ikkje tilstrekkeleg støtte frå vitskapen til å hevde at visualiseringsterapi har verknad.
Ynskjer du sjølv å leite etter forskning på visualiseringsterapi, kan du søke i den amerikanske databasen PubMed. Denne databasen vert rekna som det største opne arkivet over enkeltstudiar innan medisin og behandling.
Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleik ved bruk av visualiseringsterapi. Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte visualiseringsterapi.
Ifylgje kjeldene våre er det ikkje registrert alvorlege biverknadar ved bruk av metoden. Dersom du likevel opplever negative verknadar som du meiner skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.
Alternative behandlarar kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.
Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre vise ekstra varsemd i all bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene.
Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom behandleren ikkje rår klienten til å oppsøke naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former for alternativ behandling.
Bruk av alternativ behandling bør ikkje kome i staden for naudsynt medisinsk hjelp.
Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".
| Gi oss tilbakemelding på denne siden | Tweet |
|