Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Flere / Yoga

Yoga

Oppdatert 21.04.2013

Slik yoga vert praktisert av mange i dag, kan det definerast som ei type eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar. I denne artikkelen kan du lese om følgjande:

Foto: Ingunn A. Mæhlum

Foto: Ingunn A. Mæhlum

Kva er yoga?

Teorigrunnlag

Yoga i praksis

Forsking

Er det trygt?

Organisasjonar

Les òg

Kjelder

Kva er yoga?

Yoga er eit samlenamn for ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk. Yoga femner også reglar og etikk for atferd og reinsing. Som terapi høyrer yoga til i det austlege medisinske systemet ayurveda.

Kva tyder yoga?

Ordet ”yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust.

Kva er målet med yoga?

Opphavleg var målet med yoga var religiøst, der ein skulle oppnå djup konsentrasjon og erkjenning av noko som ga frelse frå å verte fødd på nytt.

Slik yoga hovudsakleg vert praktisert i vesten, er målet som regel betre helse, avstressing og velvære. I teorien vert det nemnt at det er eit mål å oppnå medviten kontroll over andedraget. Dette  skal gi auka velvære, betre kontroll over kroppen, og medverke til mental og kjenslemessig harmoni. Innan teorien meiner ein og at yogateknikkane skal kunne fjerne negative kroppshaldningar så vel som negative tankemønster.

Gjennom å øve seg på ulike kroppsstillingar skal ein kunne få auka smidigheit, styrkte musklar og betre blodsirkulasjon. Dei skal og kunne dempe stress, hovudverk og muskelsmertar. Ulike yoga-stillingar skal ifylgje teorien gjere utøvaren medveten om kroppen og sinnet sine reaksjonar på daglegdagse situasjonar, ikke berre under sjølve øvinga, men også resten av tida.

Yoga vert nytta både som treningsform og som behandling ved ei rekkje lidingar og tilstandar. Blant slike finn ein migrene, ryggsmertar, overvekt, rusavvenning, klimakterieplagar, whiplash (nakkeslengskadar), diabetes, premenstruelle spenningar, andre menstruasjonsplagar, søvnløyse, angst, leddbetennelse eller revmatisme, nerve- og muskelsjukdom, høgt blodtrykk, astma, bronkitt og andre luftvegsplagar, hemoroider og hjartesjukdom. Dette er ikkje det same som at yoga har verknad mot desse tilstandane.

Korleis oppsto yoga?

Yoga er ein svært gamal indisk praksis, og ein meiner at det yoga fanst i Indu-sivilisasjonen frå 3000 til 1700 år f.Kr. Etter kvart blei yoga ein av fleire andelege tradisjonar knytt til hinduismen. Der vert yoga forstått kun som mental konsentrasjon, og ikkje som fysiske øvingar, slik ein kjenner yogaen i vesten i dag.

Teksten Yogasutra, av den indiske vismannen Patanjali, vert rekna som grunnlaget for tankesystemet yoga. Fram til 1920–talet var yoga ei nærast hemmeleg lære kun for indiske munkar. Etter det vart yoga spreidd til heile folket. Fleire av dei sentrale i dette arbeidet hadde lækjarutdanning, og ein la vekt på yoga som helsefremjande og førebyggjande ved både psykisk og fysisk sjukdom.

Utbreiing i verda

Størstedelen av dei som driv med yoga er hinduar i land der hinduismen står sterkt som religion, som India, Nepal og Pakistan.

Då interessa for austleg kultur, filosofi og tradisjonar byrja å vekse i vesten for nokre tiår sidan, kom også yogaen vestover. Det finst mange variantar av yoga, og dei har fått ulikt fotfeste kring om. Hathayoga femner fleire variantar, og har fått mange tilhengjarar. Desse formene for yoga legg vekt på intense øvingar, og vert rekna som fysiske treningsformer. I vesten vert slik yoga ofte tilbydd som enkeltståande kurs, som trim og trening ved treningssenter eller på eigne yoga-skular.

I dag vert yoga nytta av millioner av menneske over heile verda. Ifylgje det amerikanske NCCAM var yoga blant dei ti mest brukte alternative behandlingane i 2007. På sjukehus i Sverige tilbyr dei yoga som ein del av rehabiliteringa etter hjarteinfarkt. Hathayoga står på timeplanen i det indiske skuleverket, og i England er yoga-organisasjoner med i det britiske idrettsforbundet.

Teorigrunnlag

Yoga-tradisjonen byggjer på ein filosofi om kva som er sann lukke. Dette inneber ein idè om at dersom du ikkje styrer og kontrollerer sansane dine, vert du fanga i førestillingar som endar med lidingar, smerte og sorg. Vert sansane dine tilfredsstilte, fører det til uro, trong og attrå.

For å ta styringa over ditt eige mentale og fysiske liv må du ifylgje læra øve opp konsentrasjonen og ha fokus på andedraget. Huget etter for eksempel opplevingar, spenning og nyting skal då forsvinne. Å vere fri frå alle slag forstyrringar kallast ”den høgste tilstand”, og slik kontroll over sansane er det som vert kalla yoga.

Grunnsystemet i yoga

Grunnsystemet i yoga består av åtte fasar som ein skal prøve å komme igjennom. Dei fyrste fem handlar om det yogaen kallar den ”ytre fasen”, og rettar seg mot kroppen og hjernen. Dei tre siste handlar om den ”indre fasen”, og tek sikte på å omskape sinnet. Det er knytt ulike funksjonar og mål til kvar fase:
 
1. Yama har som føremål å fremje moral og etiske prinsipp i individet.
2. Niyama skal skape ei varig indre integritet.
3. Asana er dei ulike yogastillingane, som ein gjer for å søkje å roe sinnet og kome inn i ein djup meditasjon.
4. Pranayama er forlenging av pusten, som skal fjerne forstyrringar frå sinnet for at det skal vere lettare å meditere og konsentrere seg.
5. Pratyahara tyder mestring av sansane, med føremålet å halde fokus på det indre.
6. Dharana tyder konsentrasjon, og handlar om evna til å fokusere på eitt punkt og samtidig ekskludere alt anna.
7. Dhyana tyder meditasjon, og seiest å vere den ”flyten” av medvit mot det ein konsentrerer seg om å oppnå.
8. Samadhi tyder absorpsjon gjennom meditasjon. I denne tilstanden meiner ein ifylgje læra at medvitet ikkje er delt: Egoet er forsvunne, og ein skal då verte eitt med Gud eller eitt med alt.

Prana og nadiar

Eit sentralt fenomen i yogalæra er prana, som skal vere sjølve livskrafta. Ifylgje læra strøymer ho gjennom 72.000 spesielle årer, kalla nadiar. Desse er ikkje stadfesta av vitskapen.
Læra hevdar at ein kan utvikle og endre prana og nadiane gjennom pusteøvingar, og såleis nytte desse som ei lækjande kraft ved sjukdom. Ifylgje læra har kroppen òg ei rekkje andre ”energi-senter” og ulike energiar, som vert knytt til ulike organ som dei verkar på.

Helseforståing

Yoga baserar seg på at det finst eitt godt og fleire dårlege høve mellom mellom inn- og utpust. Dårlege høve mellom desse seiest å føre til redusert livskraft (prana) og dermed dårleg helse. Ved hjelp av kroppen og pusten skal ein kunne oppnå betre jamvekt og mental styrkje.

Yogalæra seier vidare at kroppen er bygd opp av fleire lag, eller behaldarar, der det ytste laget vert kalla den fysiske kroppen. Dei neste laga vert kalla energikroppen, den mentale kroppen, og det inste vert kalla den lukkelege kroppen. Ifylgje læra livnærar eit kroppslag seg av energi frå det laget som ligg under. Dersom du ikkje syter for å stadig byggje opp det inste laget, vert energien ”brukt opp”, og då seier læra at det oppstår disharmoni og sjukdom.

Denne forståinga av helse og sjukdom er ikkje støtta av vitskapen. Yogaen baserer seg på observasjonar og tolkingar fram tll teoriar om moglege samanhenger mellom kropp, tanke og sinnet sin funksjon og evne, og korleis desse reagerar på stimulans utanfrå.

Verkemåtar

Ifylgje yogalæra seier pusten også noko om sinnstilstanden og helsetilstanden. Nyttar ein yoga, skal ein ifylgje læra kunne bryte med uheldige pustemønster og fjerne mentale sperringar.

I yoga meiner ein seg også at sjukdom oppstår dersom kroppen sitt indre er i ubalanse med dei ytre omgjevnadane. For å kome i slik balanse att, må ein ifylgje læra fyrst trene opp sin eigen sensitivitet slik at ein kan kjenne når kroppen er i ubalanse. Ved å utøve yoga, skal ein så kunne få kontroll, også over kroppen sine tilsynelatande umedvitne indre funksjonar. På denne måten meiner læra at ein sjølv skal kunne gjere seg frisk frå sjukdom og plager.

Ifylgje teorien skal yoga også kunne ”massere” kroppen sine indre organ, styrkje nerver og musklar og gi auka rørsle i ledda. Læra meiner òg yoga-øvingane skal kunne roe sinnet, fjerne bekymringar og dermed få auka positiv tankegang og energi.

Desse verkemåtane og teoriane er antakelsar utan solid vitskaplig dokumentasjon.

Diagnose

Utover dei generelle tankane om helse og sjukdom, der til dømes eit dårleg høve mellom inn- og utpust ifylgje læra vil føre til dårleg helse, vert ikkje yoga nytta som verkty for å påvise konkret sjukdom.

Yoga i praksis

Korleis foregår yoga?

Slik yoga vert praktisert av mange i dag, kan yoga definerast som ein form for eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar. Ein går gjerne på kurs eller deltek i faste timar/ samlingar for å både lære og praktisere dei ulike øvingane og stillingane, der ein vert rettleia av ein yoga-instruktør.

I yoga nyttar ein lite utstyr. Det er vanleg å ha ei dempande matte på golvet, eit pledd til å dekkje kroppen, og ein ball til bruk ved tøying og strekk. Nokre nyttar og ein spesiell krakk til øvingar kor ein sit på kne. Ved meditasjonsøvingar nyttar nokon band eller skjerf kring hovudet eller augene, for å kunne konsentrere seg lettare.

I yoga andar ein gjennom nasen. Å ha god luftveg gjennom nasen er difor viktig. Av den grunn rår læra til naseskylling før øvingane, ved hjelp av vatn frå ei spesiell kanne for dette føremålet.

Moderne yoga kan delast i to hovudgrupper:
• tradisjonar som legg vekt på mental konsentrasjon og andedrag.
• tradisjonar som legg vekt på kroppslege, fysiske øvingar og andedrag.

Yoga-stillingane tek sikte på å utvikle kontrollert avslapping og smidigheit. Læra legg vekt på at øvingane skal gjerast sakte: nokre stillingar skal gjerast i eitt minutt eller meir. Grunnen til dette skal vere at utøvaren skal være konsentrert om andedraget. Øvingane skal ikkje innehalde store kraftanstrengelsar eller sterk fysisk utfalding. Stillingane er meint for at utøvaren skal merke og fokusere på sin eigen kropp, sinn og andedrag.

I dag finst det eit stort tilbod av yoga-teknikkar, stillingar og kurs/ program, tilpassa menneske i ulike tilstandar: Til dømes yoga for gravide, eller for personar med ulike sjukdomar/ skadar, utvikla for å skulle styrke og trene visse delar av kroppen. Det er vanleg at ein vert oppfordra til å øve på stillingane mellom yogatimane på kurset. Det er eit mål at det ein lærer der, skal ein ta i bruk i kvardagen. Ynskjer ein å nytte yoga som behandling ved konkret sjukdom/ plagar, plar instruktørane leggje vekt på fleire korte økter, gjerne kvar dag.

Yoga i Noreg

I 1950 kom den indiske yogalæreren Selva Raja Yesudian til Sveits. Han skrev boka Sport und Yoga. Interessa for yoga spreidde seg derfrå til andre land i Europa. Ifylgje ein kronikk av professor Knut A.Jacobsen ved UiB vart yoga frykta av den norske kyrkja på 1970-talet, fordi yoga skulle leie til djup konsentrasjon og frelse frå attføding. Dette var ikkje i samsvar med kristen lære, og trua om liv etter døden.

Ein treng ikkje medisinsk utdanning eller autorisasjon som helsepersonell for å vere yoga-instruktør og rettleie andre i yoga i Noreg. I dag vert yoga praktisert hovudsakleg praktiser i Noreg som ei treningsform framfor som terapiform.

Forsking

Vi nyttar Cochrane Library sine metastudiar som kjelde til forsking på effekt. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar på effekt, er slike studiar difor ikkje nok til å seie noko sikkert om yoga verkar. Les meir om kjelda og framgangsmåten vår her.

Verkar det?

Internasjonalt veit ein at yoga vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at yoga har vitskapeleg dokumentert effekt mot desse.

Ved søk i Cochrane Library har vi funne èin metastudie på yoga som behandling. Den undersøkjer om yoga har effekt ved epilepsi. Samandrag av denne studien kan du lese her.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon i kjeldene våre om tryggleiken ved bruk av yoga. Samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege bivirknadar.

Yoga vert generelt rekna for å vere trygt for normalt friske folk, når det vert praktisert på rett måte. Det finst førebels få eller ingen rapporterte farar i kjeldene våre med å bruke yoga, men visse grupper bør vere varsame og drøfte bruk av yoga med lækjaren sin på førehand:

Kjende biverknadar

Forskinga rapporterer om få biverknadar. Instruktørane og læra talar om moglege, men kortvarige og milde biverknadar så som forbigåande hovudverk, trøytte eller ubehag i musklar og/ eller ledd som har blitt strekte. Dersom du merkar negative effekter ut over dette og meiner at desse skuldast yoga, bør du kontakte lækjar.

Forsiktigheitsreglar

Instruktørane seier det er viktig at urøynde deltek på kurs, både for å få rettleiing og utbytte av teknikkane, men også og for å hindre overbelasting grunna feil utføring av yoga-stillingane.
Ifylgje kjeldene våre bør du ikkje gjere yoga hvis du har:

• feber
• kjenner kvalme eller ubehag ved visse øvingar
• kjende/ kroniske lidingar i muskel/ ledd/ skjelett
• høgt trykk i augeeplet
• skiveutgliding i ryggrada
• ekstremt høgt eller lågt blodtrykk
• grøn stær
• netthinneløysing
• risiko for blodpropp
• øyre problem
• alvorleg beinskjørheit

Gravide bør berre gjere yoga som er tilpassa gravide. Årsaka er at dei ikkje må overbelaste livmora eller utsetje seg for vridingar i underlivet.

Som med andre fysiske treningsprogram, er det viktig å varme godt opp musklar og ledd før ein gjennomfører krevjande yoga-øvingar. Let ein dette vere, kan ein få strekkskadar.

Vær merksam på at helseskade kan oppstå dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Bruk av alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Dette gjeld alle typar alternativ behandling. Les meir om dette i pasientveiledninga vår.

Organisasjonar

I Noreg er ikkje yoga-instruktørar ei einsarta yrkesgruppe. Yoga-instruktør er heller ikkje ein verna tittel. Det betyr at kven som helst kan kalle seg dette, uavhengig om ein har utdanning i yoga eller ikkje.

Norsk Yogalærerforbund har som mål å fremje både kunnskap og utbreiing av yoga i Noreg, og å auke yoga-lærarar sin kompetanse. Forbundet har eit minstekrav til utdanning hjå den som ynskjer å vere medlem. Du kan lese meir om forbundet på heimesida http://www.yogaforbundet.no/ .

Det finst og fleire internasjonale organisasjonar kring yoga, som til dømes EYF - European Yoga Fellowship, IYFM - International Yoga Fellowship Movement, og YRF - Yoga Research Foundation.

Les òg:

Kjelder

  • Berg-Olsen, Bertil og Anaikki Bradford (fagred.1996): Den store oppslagsboken om alternativ medisin. Notabene Forlag, Oslo
  • Chopra, Deebak og David Simon (2005): Yogaens 7 åndslover. En veiledning i å helbrede kropp, sinn og sjel. N.W.Damm & Søn AS. ScanBook AB, Sverige.
  • P2 Akademiet. Bind XXXI 20.11.2003 – 26.2.2004. Jacobsen, Knut A.: Hva er Yoga? Digibok, Oslo.
  • Jacobsen, Knut A. (2004): Yoga. Verdens hellige skrifter oversatt av, Kåre A. Lie og Rasmus Reinvang. De Norske Bokklubbene.
  • Lark, Liz og Tim Goullet(2006): Yoga som healing. N.W.Damm & Søn AS, Dubai.
  • Forskning.no : Yoga mot depresjon (Henta dato 10.09.2010)
  • Institutet for medicinsk yoga: Medicinsk yoga på läkarstämman. (Henta dato: 22.10.2010)
  • Jacobsen, Knut A.:NRK P2 Akademiet: ”Hva er yoga?” (Henta dato: 01.09.2010)
  • Jacobsen, Knut A. (Aftenposten): ”Indisk vei til helse og velvære”. (Henta dato: 01.09.2010)
  • National Centre for Complementary and Complementary Medicine:Yoga.(Henta dato: 10.09.2010)
  • Natural Standard: Søk gjort i januar 2011.
  • Paaske, Christian (2003): Yoga i sin helhet: Del 1, Yoga i sin helhet: Del 2.
  • The Cochrane Library

Om forskning
Vil du vite hvor vi henter aktuell forskning fra, og hvordan vi vurderer den, kan du lese artikkelen "Kilder og fremgangsmåte".