Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Hårmineralanalyse

Hårmineralanalyse

Oppdatert 11.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

Analyseresultat. Illustrasjonsfoto: stock.xchng

Analyseresultat. Illustrasjonsfoto: stock.xchng

  • Hårmineranalyse er eit diagnoseverkty, der ein freistar å måle kor mykje mineralar som finst i håret. Det vert ofte nytta ved udefinerte helseplager, eller  mistanke om feilernæring eller tungmetallforgifting.
  • Det finst ikkje solid vitskapeleg dokumentasjon som viser at hårmineralanalyse kan brukast til å slå fast sjukdom eller avgjere om ein treng kosttilskot eller store endringar i kosten.
  • Kjeldene våre omtalar ikkje tryggleik ved sjølve analysen, men understrekar at hårmineralanalyse ikkje bør nyttast som grunnlag for å behandle helseproblem.

Verkar det?

Norske autoritetar innan helse, samt fleire av kjeldene, omtalar hårmineralanalyse som uvitskapleg og utilstrekkjeleg til å slå fast helsemessige avvik eller forgifting.

4. mars 2015 var det heller ingen oppsummeringar i våre kjelder som handla om hårmineralanalyse. Ut frå våre kriterie, finst det difor ikkje tilstrekkeleg støtte for å hevde at hårmineralanalyse er eit påliteleg diagnoseverktøy.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av hårmineralanalyse slik ein finn det på den alternative behandlingsmarknaden. Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte hårmineralanalyse.

Biverknadar

Det er ikkje rapportert om biverknadar av sjølve hårmineralanalysen. Det kan imidlertid vere knytt fleire biverknadar, interaksjonar og moglege risikoar til behandlinga og produkta som behandlaren vil rå deg til når han har tolka prøveresultata. Nokre av dei vanlegaste produkta du kan få råd om å nytte etter hårmineralanalyse, har vore i søkjelyset hjå norske helseautoritetar.

Når risikoen ved desse produkta vert vekta mot at hårmineralanalyse ikkje har noko vitskapeleg dokumentert nytte, ender fleire av kjeldene opp med å fraråde hårmineralanalyse som grunnlag for bruk av kosttilskot eller radikale endringar av kosthaldet.

Dersom du opplever negative verknadar som du meiner skuldast hårmineralanalysen, bør du kontakte lækjar.

Generelle tryggingsreglar

Store endringar i kosthaldet bør kun skje etter ein har samrådd seg med lækjar.

Alternative behandlarar kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.

Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre vise ekstra varsemd i bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene.

Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom behandleren ikkje rår klienten til å oppsøke naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former for alternativ behandling.

Bruk av alternativ behandling bør ikkje kome i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Bakgrunn

Alternative behandlarar som tilbyr dette, meiner at hårprøver kan gi svar på om kroppen har riktige nivå av mineralar, og om han inneheld skadelege stoff. Sjølve behandlinga har som mål å fjerne eventuelle skadelege stoff og få riktige nivå av mineralar i kroppen.

Ein hårmineranalyse startar gjerne med ein samtale om  klienten si sjukehistorie og kva symptom klienten har. Deretter tek ein sjølve hårprøva, to-tre centimeter hår fra inst ved hårrota, og sender ho inn til eit laboratorium som driv med hårmineralanalyse. Det finst òg laboratorie som tek imot hårprøvar frå privatpersonar direkte.

NIFAB har ikkje detaljert oversikt over korleis prøva vert behandla, men det er vanleg at håret fyrst vert brent, og at det så er asken etter det som vert analysert.

I fylgje behandlarane kan ei hårprøve vise mineral- og giftinnholdet i kroppen over lengre tid. Grunnen til dette, er at mineral og giftstoff i kroppen binder seg til håret etter kvart som det veks. Di lenger hårprøva er, di lenger attende i tid skal ein kunne måle.

Når prøveresultata er ferdige vert dei sendt tilbake, og tolka av behandlaren, som deretter foreslår ei behandling. Dette kan omfatte råd om endring av kosthald og livsstil, og bruk av ymse mineraltilskot. Nokre av dei mange stoffa han kan foreslå, vil du finne fakta om her.

Hårmineralanalyse vert brukt som diagnoseverkty innan fleire alternative behandlingsformar, til dømes ernæringsterapi, biopati, miljømedisin og naturopati. Dette er ikkje det same som at hårmineralanalyse er trygt eller er vitskapleg dokumentert som diagnoseverktøy.

Variantar: håranalyse
Engelsk namn: hair analysis

Les meir

Kjelder

Oppdatert 11.10.2015