Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Kinesiologi

Kinesiologi

Oppdatert 02.11.2016
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les også  |  Kjelder

Samandrag

  • I kinesiologi står ein såkalla «muskeltest» sentralt. Behandlarane meiner at dei kan teste styrken på musklane dine for å avgjere kva som feilar deg og kva behandling du bør ha.

    Terapeuten sjekker muskelstyrken i klientens ben. Foto: Ingun A. Mæhlum

    Terapeuten sjekker muskelstyrken i klientens ben. Foto: Ingun A. Mæhlum

  • Etter våre kriterie, ligg det ikkje føre solid dokumentasjon som støtter påstanden om at kinesiologi kan slå fast sjukdom, mangeltilstandar, allergiar eller at metoden verkar.
  • Det ligg heller ikkje føre informasjon om tryggleiken ved kinesiologi i kjeldene våre.  Difor rår dei til at den som er  gravid eller ammar ikkje bør nytte kinesiologi.

Verkar det?

Den 9. oktober 2015 inneheldt kjeldene våre fylgjande oppsummeringar om kinesiologi. Detaljar finn du ved å klikke på det enkelte bruksområdet:

HAR VERKNAD SER UT TIL Å HA VERKNAD EIN VEIT IKKE SER IKKJE UT TIL Å HA VERKNAD   HAR IKKJE VERKNAD
   

Brystsmerter

Dysleksi

Læringsvanskar

Alle andre bruksområde
Som diagnosemetode  

Er det trygt?

Det ligg ikkje føre tilstrekkelig dokumentasjon til at forskarane kan seie om det er trygt å nytte kinesiologi eller ikkje.

Graviditet og amming

Den som er gravid eller ammar, vert rådd til å ikkje nytte kinesiologi fordi det manglar dokumentasjon på tryggleiken.

Alle som vil, kan kalle seg kinesiolog og praktisere kinesiologi utan utdanning. Eventuell utdanning i kinesiologi gjev ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som det autorisert helsepersonell har.

Merk at helseskade kan oppstå, dersom behandlaren ikkje rår pasienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Biverknadar

Det ligg ikkje føre informasjon om biverknadar ved bruk av kinesiologi i kjeldene våre.

Interaksjonar

Innan alternativ behandling nyttar ein ofte ulike behandlingsprodukt. Mange slike kan endre verknaden av medisinar, kosttilskot, urter og mat, samt påverke medisinske prøver og inngrep. Difor bør du informere lækjaren din om alle slike produkt du nyttar.

Artiklane våre om urter, kosttilskot og mat  inneheld informasjon om interaksjonar for fleire av vanlege produkta som alternative behandlerar tilbyr eller rår deg til å bruke. Ta gjerne med deg informasjonen vår om det produktet du tenkjer å bruke til lækjaren din.

Ifylgje Statens Legemiddelverk, bør alle som skal ha ein operasjon, slutte å bruke kosttilskot og plantebaserte lækjemiddel 1-2 veker før operasjonen.

Generelle tryggingsreglar

Bakgrunn

Tydinga av ordet kinesiologi er «læra om rørsle», og vart brukt om gransking av menneskeleg rørsle. Etter at kiropraktoren George Goodheart tidleg på 1960-talet utvikla sin eigen metode «Anvendt kinesiologi» (Applied Kinesiology), er ordet kinesiologi blitt mest kjent som ei alternativ behandlingsform som baserer seg på såkalla «muskeltesting».

Som kiropraktor jobba George Goodheart ut frå teorien om at stramme og krampeaktige musklar strålar ut smerte som trekkjer ryggsøyla skeiv. I motsetnad til det han hadde lært som kiropraktor, meinte han etter kvart at svake musklar på ei side av ryggrada ville få musklar på motsett side til å kjennast eller synast for stramme.

Goodheart granska også høvet mellom visse musklar og dysfunksjonar i bestemte organ og kjertlar. Han meinte til dømes at personar med magesår nesten alltid testa svakt på same muskel i skuldra, og at mange personar med nyreproblem testa svakt på ein muskel ved øvre del av lårbeinet. Ut frå dette meinte han at det måtte vere ein samanheng mellom visse musklar sin styrke og dysfunksjon i eit korresponderande organ.

Kinesiologi. Foto: Ingun A. Mæhlum

Test av muskelstyrke. Foto: Ingun A. Mæhlum

Goodheart meinte at meridianlæra frå tradisjonell kinesisk medisin kunne forklare dette høvet mellom musklar og organ. I denne læra reknar ein med at energi flyt rundt i kroppen gjennom såkalla meridianar, og at sjukdom oppstår dersom meridianane vert blokkert og energien ikkje kan flyte fritt. Klarer ein å fjerne desse blokkeringane, vil sjukdom forsvinne.

Kinesiologane  meiner difor å kunne fastslå ubalansar og blokkeringar i energiflyten, ut frå om musklane vert spente eller avslappa når dei tester muskelstyrken. Om ein muskel i samantrekt tilstand vert belasta mot utstrakt posisjon og framleis held styrkjen, vert det tolka som at muskelen fungerer normalt. Vert muskelen slapp og gjev etter, meiner kinesiologane at det er teikn på at muskelen er svak eller har såkalla «under-energi».

Kinesiologane meiner til dømes å kunne teste om det er ulike næringsmiddel som gjev «ubalanse» i pasientens kropp. Kinesiologen legg  da eit næringsmiddel ein stad på kroppen til pasienten, og testar muskelen. Vert ein muskel slapp under testen, tolkar kinesiologen det som eit teikn på at det aktuelle næringsmiddelet gjev auka ubalanse i kroppen. Kinesiologen meiner då å ha funne eit  næringsmiddel som pasienten vert sjuk av, og som pasienten difor bør halde seg borte frå.

Vert muskelen spent, blir det tolka som eit godt teikn. Eit slikt næringsmiddelet hjelper i følgje kinesologane til med å gjenopprette balanse og set i gang prosessar slik at kroppen lækjer seg sjølv. Då meiner kinesiologen at pasienten bør ha dette næringsmiddelet i kosten sin.

Når kinesiologen er ferdig med muskeltestinga, vil han foreslå ei behandling ut frå testresultata. Ein kinesiolog bruker ulike behandlingsteknikkar, som til dømes homeopati, akupressur, massasje, kosttilskot, fysiske øvingar og mentale teknikkar.

For at den kinesiologiske behandlinga skal ha størst effekt, meiner utøvarane at pasienten må fylgje opp sjølv, gjerne med spesielt tilrettelagte fysiske øvingar heime mellom behandlingstimane. Ein kinesiolog vil halde fram med muskeltesting utover i behandlinga, for å sjå om pasienten reagerer annleis. Dette vil dei då legge til grunn for om behandlinga verkar.

Ifylgje utøvarane vert kinesiologi nytta ved eit stort antal ulike plager i Noreg, som til dømes stress, angst, depresjonar, ryggplagar og lærevanskar. Ifylgje granskingar blant pasientar nyttar somme kinesiologi for å freiste å førebyggje sjukdom, å auke idrettsprestasjonar eller å få kjensle av meir overskot og meistring ved ulike prestasjonar.

Desse verkemåtane og teoriane har ikkje solid støtte i vitskapen.

Variantar

Det finst fleire variantar og retningar innan kinesiologien på den norske marknaden, til dømes:

Touch for Health som er ei grein innan kinesiologien som legg vekt på at kvar husstand bør ha eit medlem som får opplæring i kinesiologi, og tek ansvar for helsa til heile husstanden. Kinesiologar innan denne retninga meiner at dette vil både førebyggje sjukdom, og skape og halde vedlike god helse for alle. Teknikken vert og kalla «avbalansering». Touch for Health har som mål at du skal vite korleis du styrkjer andre og deg sjølv for å oppnå betre kroppshaldning, auka livsenergi, stressredusering, smertelindring, sunn livsstil, motivasjon og målmedvit.

Pedagogisk kinesiologi er ei retning der kinesiologane freistar å øve opp samarbeidet mellom venstre og høgre hjernehalvdel, mellom fram- og baksida av kroppen, mellom høgre og venstre side av kroppen samt mellom hovudet og kroppen. Dei meiner at dette gir dei beste tilhøva for innlæring. I denne retninga blir det nytta både visualiseringsmetodar, fysiske øvingar, samt spesifikke teknikkar som skal gje «emosjonell frigjering». Utøvarane meiner at denne behandlinga fjerner stress, aukar konsentrasjonsevna og betrar hjernen si evne til koordinering.

Transformasjonskinesiologi er ei grein innan kinsiologien der ein meiner at umedvitne tankar og kjensler blokkerar energiflyten i menneskekroppen. Saman med resultata frå muskeltestinga, meiner kinesiologane innan denne retninga at innsikt og endring av slike tankar og kjensler vil gje klienten makt til å oppnå eit sunnare og betre liv. Her søkjer utøvarane difor meir å avdekke og «transformere» (endre) klienten sine negative vanar, tankemønster og kjensler, enn å finne og helbrede sjukdom og plager.

Norske namn: kinesiologi, pedagogisk kinesiologi, transformasjonskinesiologi
Engelseke namn: kinesiology, applied kinesiology, Touch for Health

Les også

Kjelder

Oppdatert 02.11.2016