Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Kopping

Kopping

Oppdatert 24.05.2017
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

Glasskopper blir brukt på ryggen til en dame

Moderne kopping gjerast med sugeskåler av glas eller metall. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

  • Kopping går ut på å setje vakuumkoppar på huden. Nokon behandlarar seier at kopping verkar ved at behandlinga aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen. Andre behandlarar stør seg på teoriar frå kinesisk medisin, der ein freister å påverke ein livsenergi.
  • Det finst ikkje solid vitskapleg dokumentasjon på at kopping verkar mot sjukdom.
  • Våre kjelder fraråder gravide og ammene å bruke kopping. De viser òg til at det er flere bivirkninger knytta til behandlinga. 

Verkar det?

Den 24. mai 2017 inneheldt kjeldene våre fylgjangde oppsummeringar om kopping.

Vi uttaler oss bere om effekten av behandlinga mot dei helseproblem kor det finst forsking på oppsummert nivå. Dersom det ikkje finnast slik forsking, er det etter våre kriteria ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til å støtte eventuelle påstandar om effekt som måtte finnes.

Er det trygt?

I fylgje Natural Medicines ser det ut til at kopping er trygt for dei fleste ved kortvarig bruk, og når behandlinga vert gjort av ein røynd behandlar. Kjelda sier og at alvorlege biverknadar er sjeldne.

Kvinner som er gravide eller ammar

Når det gjeld gravide og dei som ammar, seier kjelda at det ikkje ligg føre nok informasjon til å kunne seie om kopping er heilt trygt eller ikke. Inntil ein veit meir, rår kjelda til at gravide og dei som ammar unngår å bruke kopping.

Biverknadar

Dei vanlegaste biverknadane av kopping er hevingar i huda og blåmerker etter koppane. Det er òg rapportert om ømme muskler etter behandlinga.

Ifylgje kjelda kan ein oppleve ei prikkande, men forbigåande kjensle i hender og føter. Ein har og funne at behandlinga kan gje auka smerter i nakkeområdet, og skjelving.

Det finst nokre rapportar som antydar at kopping kan gi sjokk i den 10. hjernenerven (nervus vagus) og gjere at pasienten svime av. 

Det finst og noko dokumentasjon på at kopping kan gi uklart syn i nokre timar etter behandlinga.

Ein rapport antydar og at kopping i sjeldne tilfeller kan gi betennelse i underhuda.

Dersom du merkar negative verknadar som du meiner skuldast kopping, bør du kontakte lækjar.

Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom terapeuten ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typer alternativ behandling.

Bruk av kopping eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientrettleing.

Interaksjonar

Innan alternativ behandling nyttar ein ofte ulike behandlingsprodukt. Mange slike kan endre verknaden av medisinar, kosttilskot, urter og mat, samt påverke medisinske prøver og inngrep. Difor bør du informere lækjaren din om alle slike produkt du nyttar.

Artiklane våre om urter, kosttilskot og mat  inneheld informasjon om interaksjonar for fleire av vanlege produkta som alternative behandlerar tilbyr eller rår deg til å bruke. Ta gjerne med deg informasjonen vår om det produktet du tenkjer å bruke til lækjaren din.

Ifylgje Statens Legemiddelverk, bør alle som skal ha ein operasjon, slutte å bruke kosttilskot og plantebaserte lækjemiddel 1-2 veker før operasjonen.

Generelle tryggingsreglar

Bakgrunn

Kopping går føre seg ved at behandlaren set vakuumkoppar på pasienten sin kropp. For å lage vakuum i koppane held behandlaren brennande bomull eller urter i koppen i nokre sekund. Når varmekjelda vert fjerna, minkar volumet av luft i koppen, og koppen syg seg fast mot huda. Nokre behandlarar brukar i staden koppar kopla til ei maskin eller ei manuell pumpe for å lage vakuum i koppane.

Det finst fleire variantar av kopping. Ein variant er «våt kopping», der behandlaren rispar i huda med eit lite, skarpt blad slik at koppane trekk ut blod frå kroppen når det vert danna vakuum i dei. Ein annan variant er «kopping-massasje», der behandlaren ikkje let vakuumkoppane stå i ro på kroppen, men masserer pasienten med dei.

Behandlarne gir ulike forklaringar på korleis kopping verkar. Nokre behandlarar seier at kopping verkar ved at behandlinga aukar blodgjennomstrøyminga i kroppen. Andre behandlarar stør seg på teoriar frå kinesisk medisin, der ein freister å påverke ein "livsenergi", som ifylgje teorien går gjennom spesielle energibanar (meridianar) inne i kroppen.

Kopping blir brukt aleine eller i kombinasjon med andre alternative behandlingar som massasje og akupunktur, og som ein del av tradisjonell kinesisk medisin (TKM). Det er óg kjent at enkelte helsepersonell som til dømes fysioterapeutar tilbyr kopping, men kopping vert rekna som alternativ behandling uavhengig av kven som set koppane.

Kva veit ein egentlig om korleis kopping verkar?

Dei fleste påstandene om kva sjukdomar kopping kan hjelpe mot, og korleis behandlinga verkar, manglar solid vitskapleg grunnlag. Det er ikkje påvist at livsenergien og energibanane behandlararne snakkar om finst. Blåmerke etter kopping, og blod i koppane ved våt kopping, viser at kopping kan auke blodgjennomstrøyminga der koppane vert sette. Det er imidlertid uklart i kva grad den auka blodgjenomstrøyminga bidrar til å betre ulike helseproblem.

Det ein veit, er at det finst mekanismar i kroppen som gjer at når ein tilfører kroppen ny smerte, kan det undertrykkje smerte som ein har allereie. Dette kan forklare kvifor pasientar med nakke- eller ryggsmerter kan oppleve smertelindring av ved bruk av til dømes «spikermatte», massasje eller vakuumkoppar på huda.

Andre norske namn: våt kopping, kopping-massasje, vakuumterapi

Engelske namn: Dry cupping, wet cupping, Bleeding Cupping, Blood-Letting Cupping, Fire-Cupping, Flash Cupping, Liquid Cupping, Medicinal Cupping,Momentary Cupping, Moving Cupping, Multiple Cupping, Needle Cupping, Pneumatic Pulsation Therapy, Pulsating Cupping, Retained Cupping, Shuiguanfa, Traditional Cupping, Water Cupping

Les meir

Kjelder

  • Le Bars D and Willer JC. Diffuse Noxious Inhibitory Controls (DNIC). In: Basbaum A et al. editors. The senses: a comprehensive reference, vol 5: Pain. Amsterdam: Elsevier Churchill Livingstone; 2007. p. 762-773.
  • Natural Medicines (hentet 28.08.2015)
  • NOU 1998:21 Alternativ medisin, punkt 5.2.3, 6.2, 6.3.22 og 6.3.27.
  • Store norske leksikon 
  • The Cochrane Library (hentet 28.08.2015)
Oppdatert 24.05.2017