Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Miljømedisin

Miljømedisin

Oppdatert 12.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

En miljømedisiner som praktiserer kinesiologi

Nokre miljømedisinarar meiner å kunne slå fast sjukdom ved å nytte kinesiologi. Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

  • Alternativ miljømedisin er eit behandlingssystem som femnar diagnose, førebyggjing og behandling av sjukdom. Terapautane meiner at stort sett all sjukdom skuldast påverknad frå miljøet.
  • Etter våre kriterier fins det ikkje solid vitskapelig støtte for å hevde at miljømedisin verkar.
  • Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av miljømedisin, men samstundes er det heller ikkje rapportert i kjeldene våre om alvorlege biverknadar.

Verkar det?

10. mars 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om alternativ miljømedisin. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at slik miljømedisin som system verkar. For opplysingar om verknad og tryggleik  for dei einskilde behandlingsmetodane som inngår i miljømedisin, må du sjå i kvar av faktaartiklane våre. Sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene under kapitlet 'Bakgrunn'.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av miljømedisin, men samstundes er det heller ikkje rapportert i kjeldene våre om alvorlege biverknadar.

Lækjarar som praktiserer miljømedisin, må også då halde seg til helsepersonellova. Det inneber mellom anna at dei skal praktisere fagleg forsvarlig, og ikkje utsette pasientar for helserisiko. For nærare informasjon om tryggleiken for kvar enkelt metode som høyrer til miljømedisin, sjå i menyen på venstresida, eller klikk på lenkjene under kapitlet 'Bakgrunn'.

Biverknadar

Dersom du opplever negative effekter som du meiner skuldast miljømedisinen, bør du ta kontakt med lækjar.

Ver merksam på at det kan oppstå risiko for helseskade dersom terapeuten ikkje rår klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Bruk av miljømedisin og/ eller annan alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i NIFAB si pasientvegleing.

Bakgrunn

Miljømedisin er eit omgrep som vert nytta innafor både konvensjonell medisin og alternativ behandling. Det er eit samleomgrep og eit system som rommer bruk av fleire alternative behandlingsformer.

Alternativ miljømedisin femnar diagnostisering, identifikasjon, førebyggjing og behandling av sjukdom som terapeutane meiner skuldast påverknad frå miljøet. Døme på slike påverknadar kan vere kjemiske, fysiske og biologiske eksponeringar og psykososiale tilhøve i mennesket sine omgjevnadar.

Alternative miljømedisinarar meiner at matvarer og ureining av vatn og luft i ein del tilfelle er årsak til ulike sjukdomar, og at dei kan slå fast dette med metodar som kinesiologi, eliminasjonsdiett, dråpetesting under tunga, hårmineralanalyse eller en såkalla vegatest. Denne vert gjort med eit apparat som vert sagt å kunne måle elektrisk motstand og elektriske svingingar i kroppen. Resultata som terapeuten les av på apparatet, skal seie noko om ein er sjuk eller ikkje, samt kva slag sjukdom det er tale om.

Kva metode som alternative miljømedisinarar bestemmer seg for å nytte, er avhengig av kva dei meiner er årsak til helseplagane. Metodar dei ofte nyttar, er råd om endra kosthald og livsstil, miljømessige tilretteleggingar, ernæringsterapi og naturlækjemiddel. I Noreg er ein del utøvarar av alternativ miljømedisin lækjarar, og dei nyttar vanleg skulemedisin der dei meiner det høver.

Behandlinga vert nytta ved sjukdom og helseplager som mellom anna astma, eksem, migrene, hjartebank, revmatisme, leddsmerter søvnforstyrring, mage- og tarmlidelser, autisme og ADHD. Dette er ikkje det same som at behandlinga har vitskapleg dokumentert verknad, eller er trygg å bruke.

Les meir

  Kjelder

  • Bruset S. og Poleszynski D. (1995): Alternativ medisinsk leksikon. Det Beste, Oslo.
  • Grandjean, Philippe (1988): Miljømedicin. FADL, København
Oppdatert 12.10.2015