Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Naturopati

Naturopati

Oppdatert 12.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

Naturopatien har sterk tru på "heil" og rå mat som frukt og bær. Foto:stock.xchng

Naturopatien har sterk tru på "heil" og rå mat.
Foto:stock.xchng

  • Naturopati legg vekt på avgifting, kosthald og ernæring for å førebyggje sjukdom. Det er eit system, sett saman av blant anna urtemedisin, blomstermedisin, soneterapi, hydroterapi, meditasjon, yoga og øyreakupunktur.
  • Ut frå våre kriterie, ligg det ikkje føre solid vitskapleg dekning for å hevde at naturopati verkar.
  • Det ligg heller ikkje føre dokumentasjon om tryggleiken i kjeldene våre ved bruk av naturopati.

Verkar det?

Naturopati er eit system sett saman av fleire ulike behandlingsmetodar. Dette gjer det utfordrande å forske på eventuell verknad av det.

20. februar 2015 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om naturopati. Det betyr at det etter våre kriterie ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at naturopati som system verkar.

For informasjon om forsking på dei ulike metodane som inngår i naturopati, klikk på metoden det gjeld i menyen til venstre.

Er det trygt?

Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon i kjeldene våre om tryggleiken ved bruk av naturopati.

Alle som vil, kan kalle seg naturopat og praktisere metoden utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i naturopati eller anna alternativ behandling gir ikkje samme kompetanse, formelle kvalifikasjonar eller det ansvar som autorisert helsepersonell har.

Vær merksam på at det kan oppstå helseskade dersom naturopaten ikkje rår klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling, men særskilt naturopati og andre behandlingar der metoden rår til å avvente eller unngå medisinsk hjelp og vaksine.

Hugs og at "naturleg" ikkje er det same som "ufarleg". Du bør og bruke naturmiddel og kosttilskot i tråd med pakningsvedlegget.

Biverknadar

Det er ikkje registrert alvorlige biverknadar ved naturopati som system i kjeldene våre. Det er imidlertid notert ulike moglege biverknadar for fleire av dei ulike midla og teknikkane som inngår i naturopatien. Nokre av desse er omtala av NIFAB.no i eigne artiklar (følg lenkene i "Bakgrunn" under, og sjekk tryggleiken i "Er det trygt"-kapitla).

Dersom du opplever negativ effekt som du meiner skuldast naturopati, bør du kontakte lækjar. Bruk av alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i pasientrettleiinga vår.

Bakgrunn

Naturopati er eit behandlingssystem som særleg legg vekt på faste, avgifting, reinsing (detox), kosthald og ernæring. Metoden dreiar seg meir om førebyggjing enn om kurering av sjukdom. Naturopati omfattar blant anna urtemedisin, blomstermedisin, soneterapi, homeopati, hydroterapi, manuelle behandlingsteknikkar, ulike former for massasje, meditasjon, yoga og øyreakupunktur.

Naturopati har utvikla seg frå ein kombinasjon av tradisjonell/ folkemedisin og teknikkar som vart nytta i helsevesenet i Europa i det 19. hundreåret. Filosofien bak naturopati kvilar sterkt på trua på helbredande krefter i kroppen, naturen og naturmiddel. Hensikta med behandlinga er ifylgje utøverne å gi klienten indre balanse og hjelp til å møte stress og miljøbelastninger, slik at ein skal unngå sjukdom.

For å stille diagnose vil ein naturopat intervjue klienten om noverande sjukdom, symptom, arv, tidlegare sjukdom, kosthald, søvn, stress, bruk av alkohol og tobakk. Negative kjensler er viktig for naturopaten. Han søkjer å minske mengda av dei fysiologiske og psykologiske belastingane han finn i samtalen, som til saman er det han meiner skaper sjukdom. Klarar ein å minske desse belastningane, meiner naturopatane at kroppen kan lækje seg sjølv og kome attende til indre balanse der ein er frisk.

Naturopatien har sterk tru på "heil" og rå mat, og rår ofte til at ein ikkje skal ete mat som er mykje behandla eller prosessert. Ein naturopat vil også  oppmode klientane sine til eigenomsorg for auka livskvalitet, til dømes dagleg mosjon, vere ute i sol og frisk luft, i tillegg til å drive meditasjon og ha det dei meiner er eit rett kosthald. Naturopaten oppmodar og gjerne til bruk av urtar eller kosttilskot i tillegg til at ein unngår visse stoff i maten, og aukar innhaldet av andre stoff.

Enkelte naturopatar er usamde med styresmaktene sine tryggingsreglar for maksimale dosar av kosttilskot, vitaminar og liknande. Dei meiner grensene er kunstig låge, og meiner at ein kan og bør bryte dei, om ein skal få verknad av å nytte slike stoff.

Dei "klassiske" naturopatane har lita tru på nytte av vaksine, reseptbelagde lækjemiddel, injeksjonar, røntgen, eller kirurgi. Dei oppmodar klientane sine til å ikkje nytte slikt, fordi dei meiner slike behandlingar øydelegg det dei kallar den indre balansen; den naturlege samansetjinga av stoff i kroppen, og kroppen si evne til å lækje seg sjølv.

Ein veit at naturopati vert nytta ved mange ulike helseproblem, som til dømes kroniske lidingar, luftvegsplager, angst, uro, influensa, allergi, PMS, matintoleranse, blodsukkerproblem, vanskar med fordøying, underernæring, overvekt, hudproblem, overgangsplagar, hormonelle ubalansar, vondt i ryggen, søvnvanskar og leddsmerter. I utlandet finn ein ofte at er naturopati brukt som tilleggsbehandling ved alvorleg sjukdom. Nokon nyttar og naturopati som førebyggjande mot stress og belastingssjukdomar.

Naturopati har røter frå Tyskland, og blei vidareutvikla i USA på byrjinga av 1900-talet.

Les meir

Kjelder

Oppdatert 12.10.2015