Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Nevralterapi

Nevralterapi

Oppdatert 12.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |   Les meir  |  Kjelder   

Samandrag

Ein nevralterapeut setjer sprøyter med lokalbedøving eller saltvatn. Foto: colourbox

Ein nevralterapeut setjer sprøyter med lokalbedøving eller saltvatn. Foto: colourbox

  • Nevralterapi er ei omstridd behandlingsform, der ein set sprøyter med dei lokalbedøvande midla Prokain, novokain og lidokain, eller saltvatn ulike stadar på kroppen. 
  • Det ligg ikkje føre solid dokumentasjon på verknaden av nevralterapi, og heller ikkje på tryggleiken.
  • Det finst imidlertid fleire kjende høve ved tryggleiken ved lokalbedøvande middel generelt.

Verkar det?

16. februar 2015 var det ingen oppsummeringar i kjeldene våre om nevralterapi. Det vil seie at det etter våre kriterie, ikkje ligg føre solid vitskapleg dekning for å hevde at nevralterapi verkar.

Er det trygt?

Det ligg heller ikkje føre solid dokumentasjon i kjeldene våre på tryggleiken ved nevralterapi.

Prokain (novokain) vert ikkje marknadsført i Noreg, og må rekvirerast av lækjar eller tannlækjar på godkjenningsfritak. Lidokain og fysiologisk saltvatn til injeksjon er båe reseptbelagde lækjemiddel. Injeksjon av desse stoffa er ikkje regulert i Noreg, og kan difor gjerast av personar utan medisinsk kompetanse. Tryggleiken ved nevralterapi vil difor og kvile mykje på terapeuten sin kompetanse og korleis han vurderer pasienten sin totale helsesituasjon.

Ver merksam på at helseskade kan oppstå hvis behandlaren ikkje rådar pasienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle typar alternativ behandling. Vi rår på generell basis til å vurdere behandlarar som er registert i Brønnøysundregistra.

Tryggingsreglar

Unngå bruk
Personar som er allergisk mot prokain (novokain) eller andre lokalbedøvande middel bør ikkje bruke nevralterapi. 

Det same gjeld personar som tek blodfortynnande eller sterke smertestillande lækjemiddel (til dømes morfin).

I fylgje utøvarar av nevralterapi bør personar med blodlevringsproblem, alvorlege nyreproblem, kreft samt autoimmune sjukdomar også unngå å bruke nevralterapi.

Drøft bruk med lækjar
Personar med mangel på enzymet pseudokolinesterase (Pseudocholinesterase deficiency), eller som har systemisk lupus erythematosus (SLE) bør ifylgje kjeldene våre kilder drøfte bruk av nevralterapi med lækjaren sin før dei eventuelt prøver det.

Generelle tryggingsreglar
Injeksjonar byr generelt på ein viss helserisiko, både når det gjeld hygieniske høve, sjølve midlet, eller feil under prosedyra.

Bruk av alternativ behandling bør ikkje erstatte naudsynt medisinsk hjelp.

Biverknadar

Injeksjon med lokalbedøvande middel som prokain kan gi allergisk sjokk, som er ein livstruande tilstand.
Ein veit og at slike middel kan gi intense og uventa kjenslemessige reaksjonar.

Ifylgje informasjon frå utøvarar av nevralterapi, kan ein og verte svimmel, og få blåmerke ved injeksjonsstaden.
Dersom du merkar at biverknadane vert alvorlege eller får andre biverknadar enn dei som er nemnt her, bør du kontakte lækjar.

Interaksjon

Interaksjon med lækjemiddel
Ein veit at Prokain interagerar med fleire lækjemiddel:

Lækjemiddel Alvorsgrad Risiko Dokumentasjon Råd
Aminosalicylsyre Middels Truleg D Drøft bruk med lækjar
Digoksin Høg Truleg D Unngå bruk
Muskelavslappande middel Høg Truleg D Unngå bruk
Succinylkolin (suksameton) Høg Truleg D Unngå bruk
Sulafomider Middels Truleg D Drøft bruk med lækjar
Bokstaven A tyder beste dokumentasjonsnivå, meidan bokstaven D tyder svakaste dokumentasjonsnivå.

Interaksjon med urter og kosttilskot
Prokain kan og interagere med urter og tilskot som inneheld digitalisglykosider (digitalis), til dømes revebjelle.

Prokain går også under namnet Novokain (Novocaine). Natural Medicines viser til at Novokain interagerar med fylgjande produkt og behandlingar:

  Alvorsgrad Risiko Dokumentasjon Råd
Agurkurt Høg Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Alstonia constricta (fever bark) Høg Truleg D Unngå bruk
Biofeedback Middels Mogleg B Drøft bruk med lækjar
Dimetylsulfoksid (DMSO) Middels Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Ginkgo Høg Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Mucuna pruriens Høg Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Nattlysolje Høg Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Solbær Høg Mogleg D Drøft bruk med lækjar
Thuja Høg Truleg D Unngå bruk
Bokstaven A tyder beste dokumentasjonsnivå, meidan bokstaven D tyder svakaste dokumentasjonsnivå.

Kjeldene våre seier ikkje noko om bivirkninger og interaksjonar ved lidokain og fysiologisk saltvatn. Det kan bety at det fins andre bivirkningar og interaksjonar enn dei som er nemnt her.

Bakgrunn

Nevralterapi vart utvikla av den tyske lækjaren Ferdinand Huneke. I 1925 prøvde han å behandle migrene-pasientar med prokain, som var eit populært lokalbedøvande middel ved operasjoner. Huneke sin teori var at injeksjon med prokain påverka det han meinte var energiflyten i pasienten sin kropp. Han gjekk ut frå at all sjukdom skuldast blokkering av denne energiflyten, og meinte difor at injeksjon med prokain difor kunne hjelpe ved ei rekkje helseproblem.

Huneke meinte at injeksjonane naturleg ville fylgje bestemte "kanalar" i kroppen. Nevralterapeutane har minst tre ulike forklaringar på kva disse “kanalane” er:

  • Ein teori meiner at behandlinga virker via nervesystemet.
  • Ein annen teori går ut på at behandlinga virker via lymfesystemet.
  • Ein tredje teori hevder at behandlinga virker via bindevevet.

I dag nyttar behandlarane også det lokalbedøvende midlet lidokainog fysiologisk saltvatn. Det finst og fleire variantar av nevralterapi:

I varianten størfeltterapi, prøver behandlaren å finne og behandle såkalla størfelter eller forstyrra område på kroppen. Ifylgje utøvarane av størfeltterapi, kan desse felta ligge heilt andre stadar på kroppen enn der klienten har smerter.

I segmentterapi set utøvarane vanlegvis injeksjonar i huden og nerver i eller kring det smertefulle området, som utøvarane kallar triggerpunkt. Desse utøvarane forklarar smerte som konsekvensar av muskelknutar, og at injeksjon i desse løyser opp muskelknutane. 

Ingen av desse teoriane har solid støtte i vitskapen.

Variantar: størfeltterapi, segmentterapi
Engelsk namn: neural therapy

Bruksområde

Nevralterapi er kjent brukt ved ulike typar smerte. Andre kjende bruksområde er allergi, astma, slitasjegikt, depresjon, sirkulasjonsproblem, svimle, problem med galleblæra, hovudverk, hjarteproblem, hormonforstyrringar, leverproblem, menstruasjonsproblem, hudproblem, idrettsskadar og muskelskadar.

Korleis foregår nevralterapi?

Behandlaren startar gjerne med å stille ein diagnose ut frå Huneke si oppfatning av sjukdom. Dette skjer oftast gjennom samtale og fysisk undersøkjing av klienten. Diagnosen vert lagt til grunn for kva for punkt på kroppen behandlaren vel å setje injeksjonar i.

Ifylgje behandlarane er det vanleg å gi ein testinjeksjon, for å sjå om pasienten får nokon allergisk reaksjon på midlet.

Hvis klienten ikkje reagerar negativt på injeksjonen, held behandlaren fram med å setje sprøyter med lokalbedøving eller saltvatn. Punkta som behandlaren vel, kan vere heilt andre stadar på kroppen enn der klienten kjenner smerte. Stadar der det er vanleg å setje sprøytene, er nervar, kjertlar, arr, musklar, muskelknutar/triggerpunkt, ledd samt akupunktur-læra sine akupunkt.

Injeksjonane vert sett med ulik djupte: Rett under huda, eller djupare i musklar og ledd. Under behandlinga ligg klienten på ein benk eller sit i en stol. Ei behandling kan vare mellom 15 og 30 minutt.

Ifylgje behandlarane vil ein trenge frå 2-15 behandlingar, avhengig av kva slag helseproblem ein har og kor alvorleg terapeuten meiner det er. Behandlarane meiner og at det kan vere naudsynt med "oppfrisking" i form av ein ny runde med injeksjonar etter eit halvt års tid.

Les meir

Kjelder

Oppdatert 12.10.2015