Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Øyrelysbehandling (otopati)

Øyrelysbehandling (otopati)

Oppdatert 02.11.2016
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Ei kvinne får øyrelysbehandling. Foto: iStockphoto

Øyrelysbehandling. Foto: iStockphoto

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

  • Øyrelysbehandling byggjer på ideen om at ei rekkje helseproblem skuldast øyrevoks. I behandlinga set ein eit såkalla øyrelys slik at det dekkjer øyreopninga, og set fyr på lyset. Varmen skal så fjerne øyrevoksen, og då skal ein verte frisk.
  • Det finst ikkje solid vitskapleg dokumentasjon på at slik behandling verkar mot sjukdom.
  • Kjeldene våre fraråder fleire grupper å bruke øyrelysbehandling. Forskinga rapporterar også om fare for biverknader som brannsår, auka tetting av øyregangen og hol på trommehinna.

Verkar det?

Den 2. mars 2015 inneheldt kjeldene våre fylgjande oppsummeringar om øyrelysbehandling. Detaljar finn du ved å klikke på det enkelte bruksområdet:

HAR VERKNAD SER UT TIL Å HA VERKNAD EIN VEIT IKKE SER IKKJE UT TIL Å HA VERKNAD   HAR IKKJE VERKNAD
   

 

Alle andre bruksområde
  Øyrevoks  

 

Er det trygt?

Alle som vil, kan kalle seg t.d. "otopat" eller praktisere øyrelysbehandling utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i øyrelysbehandling eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har. Sålangt vi veit, finst det ikkje eigne øyrelys-terapeutar som kun driv med øyrelys-behandling, men behandlinga vert ofte tilbydd av homeopatar eller naturterapeutar, og i kombinasjon med andre behandlingar Øyrelys kan ein og kjøpe sjølv til eigen/ heimebehandling.

Av desse grunnane bør ein vere merksam på at det kan oppstå helseskade dersom den som utfører behandlinga overser viktige symptom, og ikkje rår pasienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former alternativ behandling.

Utøvarar seier at øyrelysbehandling er ei smertefri og ufarlig behandling utan biverknadar, men rår den som har akutt ørebetenning eller har fått sett inn dren til å ikkje nytte behandlinga.

Forskingskjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte øyrelysbehandling, men skriv at ho kan forverre tilstanden for den som har skade på trommehinna. Desse bør difor vere varsame med øyrelysbehandling.

Det amerikanske FDA rår til å ikkje nytte øyrelysbehandling, på grunn av farene for skade.

Biverknadar og risiko

Normalt treng ein ikkje å reinse øyra, utover vanleg vask av det ytre øyret: Øyrevoks inneheld stoff som er gunstige for øyret. Overdriv ein reinsing, vil dette gå ut over mengden av dei gunstige stoffa. Det er rimeleg å seie at øyrelysbehandling kan medføre slik "overdriven reinsing". Ein bør vidare forøvrig generelt vere varsam med å reinse ved hjelp av objekt ein stikk innover i øyret.

Forskinga seier at det er ein viss risiko for forverring og skade ved øyrelysbehandling:

  • Det har skjedd uhell der varm voks eller aske frå lyset har dryppa på pasienten sitt hår eller hud, og ført til alvorlege brannsår.
  • Det er òg rapportert om tilfelle der voks frå lyset har dryppa ned i øyregangen og ført til auka tetting, midlertidig tap av hørsla, eller hol på trommehinna.
  • Forskinga seier og at øyrelysbehandling kan verke mot si hensikt, og føre til at voks-proppa fer lenger innover i øyrekanalen.

Kjeldene våre seier at ein bør vere klar over denne risikoen, og av den grunn vere varsam med behandlinga. Det er rimeleg å seie at risikoen for uhell vil være høgre dersom ein får øyrelysbehandling hjå ein urøynd.

For andre produkt som er meint for eiga/ heimebehandling av øyret, vert det åtvara mot bruk dersom ein har øyrebetenning, øyreverk eller væsking frå øyret. Den som er plaga med eksem i eller på øyra, vert rådd til å ikkje nytte slike behandlingar. Det same gjeld for spedborn og born som har fått sett inn dren i trommehinna. Sjølv om det ikkje ligg føre slik dokumentasjon, er det rimeleg å seie at desse åtvaringane er aktuelle også ved bruk av øyrelys.

Generelle tryggingsreglar

  • Alternative behandlarar  kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.
  • Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre alltid vise ekstra varsemd i bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene. Det same er ofte tilfelle for born.
  • Dersom du opplever andre negative verknadar som du meiner skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.
  • Ein bør ikkje bruke alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.
  • På generelt grunnlag rår vi til å velje behandlarar som er registrert i Brønnøysundregistra.

Bakgrunn

Det finst få opplysingar på kvar og korleis øyrelysbehandling oppsto, men øyrelys skal vere brukt i både kinesisk, tibetansk, egyptisk og indiansk folkemedisin. Både ifylgje litteratur om desse og behandlarar i dag, skuldast ei rekkje plager som til dømes vondt i øyra eller hovudet ved flyreiser, kløe, bihulebetenning, svimmelheit, dårleg balanse, dårleg hørsle, tinnitus, vatn i mellomøyret og øyrebetenningar at det samlar seg propper av øyrevoks.

Tilhengarar av øyrelysbehandling meiner at fjerning av øyrevoks med øyrelysbehandling kurerer slike problem. At ei behandling har mange kjende bruksområde eller er forska på, er ikkje det same som at behandlinga kan reknast som trygg eller at ho har støtte i vitskapen for verknad.

Eit øyrelys er eit hult rør av lin eller bomull, smurt inn med olje eller bivoks. Behandlarane meiner at varmen frå det brennande øyrelyset løyser opp voks, reinser øyret og trekkjer ut voks-propper - sjølv når dei kan ligge djupt inne i øyret. Dei har to teoriar om korleis dette skal vere mogleg:

1. Varmen fra lyset smeltar voksen og lagar eit vakuum i røret, slik at voksen vert sygd ut.
2. Lyset syg ikkje ut voksen, men varmar opp øyregangen slik at voksen smeltar og renn ut av seg sjølv - ikkje med det same, men i løpet av nokre dagar etter behandlinga. 

Under behandlinga er det vanleg at klienten ligg på sida. Øyrelyset vert så plassert slik at det dekkjer heile øyreopninga. Behandlaren sèt så fyr på lyset og let det brenne i 10-15 minutt.

Når lyset vert fjerna, er det vanleg å sjå ein brun, voksaktig substans som sit att i lysestubben. Behandlarane tolkar dette som øyrevoks, bakteriar eller anna materiale som er blitt reinsa ut av øyregangen. Dei meiner at dette er prov på at metoden verkar.

Ifylgje behandlarane er det viktig å alltid behandle båe øyra, også hvis klienten berre har problem med det eine øyret. Nokre behandlarar nyttar også andre metodar saman med øyrelysbehandling, som til dømes massasje, aromaterapi eller avslappingsteknikkar. Ifylgje behandlarane er øyrelysbehandling smertefritt og ufarleg.

Helsemyndigheitene ser ikkje på øyrevoks som problematisk og naudsynt å fjerne før det vert så mykje at voksen blokkerer øyregangen. Då kan det gi nedsett hørsel. I slike tilfelle rår dei til å kontakte lækjar for å få fjerna voksen på ein god og trygg måte. Dette er ei vanleg prosedyre i den offentlege helsetenesta. Sjå også avsnittet "Er det trygt" ovanfor.

Naturvitskapen støtter ikkje ideen om at oppsamla øyrevoks er årsak til alle helseproblema som teorien bak øyrebehandlinga listar opp. Vitskapen støttar heller ikkje at forklaringa om korleis behandlinga seiest å skulle verke.

Variantar: Øyrelysbehandling vert òg kalla otopati.
Engelske namn: Otopathy, Auricular Candles, Ear Candling, Ear Candle Therapy, Ear Candle Treatment, Ear Coning, Thermal-Auricular Therapy.

Les meir

Kjelder

Oppdatert 02.11.2016