Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Rosenmetoden

Rosenmetoden

Oppdatert 06.01.2017
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |    Kjelder

Samandrag

  • Rosenterapeutar meiner at mjuk berøring kan få musklar til å slappe av og gi slepp på spenningar. Dei meiner at dette kan gi sterke kjenslemessige reaksjonar, og at ein kan bearbeide traume med metoden.
  • Det ligg ikkje føre solid vitskapleg dokumentasjon på at metoden verkar.

    Rosenterapautar brukar lett berøring. Foto: colourbox.com

    Rosenterapautar brukar lett berøring. Foto: colourbox.com

  • Sjølv om det ikkje finst klåre fråsegner frå forskinga, rår terapeutane pasientar med kjend psykisk sjukdom til å ikkje nytte behandlinga.          

Verkar det?

Den 6.januar 2016 inneheldt kjeldene våre ingen oppsummeringar om rosenmetoden. Det betyr at det etter våre kriterier ikkje fins solid vitskapelig støtte for å hevde at rosenmetoden verkar.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved rosenmetoden. Ifylgje terapeutane sjølve, egnar metoden seg ikkje for pasientar med psykisk sjukdom. Dei forklarar dette med at ein kan få til dels sterke kjenslemessige reaksjonar av behandlinga.

Biverknadar

Kjeldene våre til forsking rapporterer ikkje om kjende biverknadar av rosenmetoden. Sjølve seier rosenterapeutane at behandlinga kan gi milde og forbigåande biverknadar som ubehag, uro eller trøytte, at ein kan bli meir kjenslevar enn vanleg ei stund, og/eller at ein kan drøyme meir intenst enn vanleg. Opplever du alvorlege eller langvarige negative verknadar som du meiner skuldast rosenmetoden, bør du kontakte lækjar.

Generelle tryggingsreglar

Alternative behandlarar kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemnt for kvar einskild behandlingsform. Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre syne ekstra varsemd i all bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene.

Ein bør vere merksam på at det kan oppstå helseskade dersom behandlaren overser viktige symptom, og ikkje rådar klienten tiil å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former alternativ behandling. Ein bør ikkje bruke alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Bakgrunn

Rosenmetoden har namn etter grunnleggjaren, fysioterapeut Marion Rosen (1914- 2012). Ho meinte at fortrengde kjensler vert lagra i kroppen, og kan kjennast att som vonde og spente musklar og dårleg andedrett. For å få musklane til å sleppe spenningane, brukar rosenterapautar lett, mjuk berøring. Dei meiner at klienten skal forvente ulike kjenslemessige reaksjonar når spenningane løsnar, som for eksempel sinne, latter eller gråt. Dei forklarer dette med at kjensler vert frigjorde når og fordi musklane slappar av. Når spenningane har sluppe taket, skal smerta minke og til slutt forsvinne. Rosenterapeutane meiner også at avspente musklar tek opp oksygen betre, slik at anden går lettare enn når musklane er spente.

Det finst ikkje vitskapeleg belegg for at fortrengde kjensler vert lagra i kroppen, at lett berøring kan hente fram slike, eller at musklane sitt oksygenopptak påverkar anden.

Marion Rosen utvikla også en variant av metoden, som ho kalla rosenbevegelser. Dette er eit sett enkle og “mjuke” rørsler som vert gjort til roleg musikk. Utøvarane meiner at rørslene er effektive mot spenningar, stive musklar og ledd, og at dei kan gi betre pust. Rosen meinte at desse rørslene stemmer med korleis kroppen eigentlig ynskjer å røre seg, og at ein treng å verte bevisst dette. Det finst ikkje vitskapeleg belegg for at det finst èitt, opprinneleg, gunstig sett av rørsler for menneskekroppen.

Rosenmetoden vert nytta for å behandle fleire typar helseproblem, mellom anna spenningar, stress, kroniske smerter, astma, migrene, fibromyalgi, trøytte og generell dårlig form. Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har støtte i vitskapen for verknad.

Andre namn: rosenterapi, rosenbevegelser
Engelsk namn: Rosen Method Bodywork

 Les meir

Kjelder

Oppdatert 06.01.2017