Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Tai chi

Tai chi

Oppdatert 12.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |   Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Kjelder 

Røtene til tai chi går langt tilbake i kinesisk historie. Foto: colourbox.com

Røtene til tai chi går langt tilbake i kinesisk historie. Foto: colourbox.com

Samandrag

  • Tai chi vert gjort med rolege, grasiøse rørsler, i bestemte mønster.
  • Tai chi vert nytta ved plager som angst, spenningar i musklar, men òg ved leddbetennelsar, ryggproblem, blodtrykk- og sirkulasjonsproblem og kreft.
  • Tai chi vert rekna som trygt når det vert gjort på rett måte.

Verkar det?

Som kjelde til informasjon om verknad, nyttar vi kunnskapsoppsummeringar frå The Cochrane Library. Les meir om vårt val av
kjelder og vår framgangsmåte her, og om forskingsmetodar her.

Tai chi vert nytta ved plager som angst, spenningar i musklar, men òg ved leddbetennelsar, ryggproblem, blodtrykk- og sirkulasjonsproblem og kreft. Meir informasjon om tai chi ved kreft, finn du i  artikkelen om dette på temasidene våre om alternativ kreftbehandling. Internasjonalt veit ein at tai chi vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at metoden har effekt. Den 14.10.13 inneheldt kjeldene våre fylgjande oppsummeringar om tai chi:

Mot leddgikt: Tai chi for treating rheumatoid arthritis

Ved demens: Physical activity programs for persons with dementia

For auka balanse: Exercise for improving balance in older people

Hindre angst: Mind-body interventions during pregnancy for preventing or treating women's anxiety

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon på tryggleiken ved bruk av tai chi.

Sjølv om instruktørane reknar tai chi som trygt, åtvarar dei samstundes personar med brokk, ryggsmerter, beinbrist, ledd-problem, alvorleg beinskjørleik og gravide mot å starte med tai chi utan å kontakte lege på førehand. Dei rår også den som har ein infeksjon i kroppen, er veldig trøytt eller nett har ete, til å ikkje gjere tai chi.

Biverknadar

Det er ikkje rapportert om risiko for alvorlige biverknadar i forskingskjeldene våre. Ifylgje instruktørane kan ein oppleve milde og forbigåande biverknadar som til dømes forstrekkjing eller ømme musklar.

Dersom du opplever andre negative verknadar som du meiner skuldast tai chi, bør du kontakte lege.

Vær merksom på at det kan oppstå helseskade dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Kjeldene våre rår gravide, dei som ammar og born om å syne ekstra varsemd i all bruk av alternativ behandling, fordi det er vanlegvis er gjort lite gransking av tryggleiken for nett desse gruppene. Dette gjeld alle typar alternativ behandling.

Bruk av tai chi og/eller anna alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Les meir om dette i pasientrettleiinga vår.

Bakgrunn

Utøvarane trenar på langsame rørsler, for å styrke balanse, konsentrasjon og indre ro.

Tai chi var opprinneleg ein kinesisk kampsport som handla om helse, kroppsteknikk og sjølvforsvar. Fleire utøvarar meiner at sporten kan førebyggja ei rekkje sjukdommar og forlenga livet.

Tai chi vert nytta ved plager som til dømes stress, nervøsitet, angst, humørsvingingar og muskelspenningar. Men også mot ryggproblem, leddgikt, hjartelidingar, diabetes, alzheimer, fibromyalgi, depresjonar og kreft. Treningsforma blir ofte anbefalt til eldre, spesielt for å betra balanseevna og hindre fallulukker.

Sjølve øvingane blir utført med rolege, grasiøse rørsler i bestemte mønster. Indre ro og likevekt vert sett på som viktigare enn ytre styrke. Til dømes skal musklane vere mjuke og avslappa, i staden for harde og stramme. Det blir lagt vekt på andedrettet, og øvingane skal koordinerast med pusterytmen. Difor vert tai chi av fleire kalla “meditasjon i rørsle”. Som oftast vert tai chi lært og gjort i gruppe, leia av ein instruktør.

Røtene til tai chi går langt tilbake i kinesisk historie, og er ein variant av puste- og rørsleteknikkane qi gong, som høyrer til tradisjonell kinesisk medisin (TKM). Tai chi relaterer seg til teorien i TKM om yin og yang - motsetningar som er to sider av same sak: Ein skiljer mellom indre og ytre styrke, mjuke og harde musklar, og meiner at det er balansen mellom denne type motsetnader som skapar god helse.

Ifylgje læra skal tai chi gi utøvaren betre andedrett og meir evne til å slappe av, samstundes som øvingane skal styrkje kroppen utan å skade ledda. I TKM er det ein teori om at plager og sjukdom kjem av blokkeringar eller ubalanse i ein person sin qi (energiflyt / livsenergi). Tai chi er meint å hjelpa mot slike blokkeringar, byggje opp qi-krafta, og bringe kropp og sinn tilbake til det som ifylgje TKM er “naturleg balanse”.

Desse verkemåtane og teoriane har ikkje solid støtte i vitskapen.

Andre norske navn: Taijiquan, tai chi chuan, kinesisk skyggeboksing
Engelske navn: Internal Martial Art, Moving Meditation, Qi Gong, Tai Chi Chihi, Thai Chi Martial Arts, Taiji, Tie Chee

Kjelder

  • Berg-Olsen B., Bradford N. og Lavery S. (1997): Den Store oppslagsboken om alternativ medisin. Notabene forlag, Oslo.
  • Yu, Tricia (2003): Tai Chi : trening for kropp og sjel. Damm, Oslo.
  • NCCAM - Tai Chi (henta 21.10.10).
  • NCCAM - Traditional Chinese Medicine, An Introduction (henta 30.03.2012)

Les meir

Oppdatert 12.10.2015