Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Visualiseringsterapi

Visualiseringsterapi

Oppdatert 13.10.2015
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les meir  |  Kjelder

Samandrag

Éin av teknikkane i visualiseringsterapi går ut på å lytte til innspelte rettleiingar. Foto: iStockphoto

Éin av teknikkane i visualiseringsterapi går ut på å lytte til innspelte rettleiingar. Foto: iStockphoto

  • Visualiseringsterapi er basert på ideen om at ein kan behandle helseproblem ved å sjå føre seg at - og gjerne korleis - ein blir frisk.
  • Det finst ikkje solid vitskapleg dokumentasjon på at dette verkar mot sjukdom, eller på tryggleiken ved bruk.
  • Ein reknar visualiseringsterapi som trygt for normalt friske folk, men det er rapportert at personar med visse problem kan oppleve forverring ved bruk av slike teknikkar.

Verkar det?

Til opplysingar om verknad nyttar vi kunnskapsoppsummeringar av The Cochrane Library. Vi reknar kun slike som tilstrekkeleg for å seie noko om verknad.

Den 2.11.2012 var det ingen slike oppsummeringar i Cochrane Library om visualiseringsterapi. Det vil seie at vi ikkje kan gi opplysingar om verknad av visualiseringsterapi. Ut frå våre kriterie, har ein då ikkje tilstrekkeleg støtte frå vitskapen til å hevde at visualiseringsterapi har verknad.

Ynskjer du sjølv å leite etter forskning på visualiseringsterapi, kan du søke i den amerikanske databasen PubMed. Denne databasen vert rekna som det største opne arkivet over enkeltstudiar innan medisin og behandling.

Er det trygt?

Alle som vil, kan kalle seg t.d. "visualiseringsterapeut" eller praktisere visualiseringsterapi utan krav til utdanning. Eventuell utdanning i visualiseringsterapi eller anna alternativ behandling gir ikkje same kompetanse, formelle kvalifikasjonar og ansvar som autorisert helsepersonell har.

Av desse grunnane bør ein vere merksam på at det kan oppstå helseskade dersom den som utfører behandlinga overser viktige symptom, og ikkje rår pasienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former alternativ behandling.

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleik ved bruk av visualiseringsterapi. Kjeldene våre nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte visualiseringsterapi. Visualisering og andre avslappingsteknikkar vert generelt rekna som trygge å bruke for normalt friske folk. 

Biverknadar

Ifylgje kjeldene våre er det ikkje registrert alvorlege biverknadar ved bruk av metoden. Det er rapportert om tilfelle der visualisering og andre avslappingsteknikkar kan ha medverka til forverring hjå epilepsi-pasientar, personar med visse psykiatriske lidingar, eller som har opplevd misbruk eller traume. Dersom ein har slike problem, bør ein snakke med lækjaren sin om det før ein prøvar slike behandlingar.

Generelle tryggingsreglar

  • Alternative behandlarar  kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.
  • Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje kjeldene våre alltid vise ekstra varsemd i bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene. Det same er ofte tilfelle for born.
  • Dersom du opplever andre negative verknadar som du meiner skuldast behandlinga, bør du kontakte lækjar.
  • Ein bør ikkje bruke alternativ behandling i staden for naudsynt medisinsk hjelp.
  • På generelt grunnlag rår vi til å velje behandlarar som er registrert i Brønnøysundregistra.

Bakgrunn

Visualiseringsterapi vart gjort kjent i vesten på 1970-talet, av den amerikanske radiologen Carl Simonton og psykoterapeuten Stephanie Matthews-Simonton. Ein meiner at visualisering som behandling òg har røter i eldre kulturar og religionar.

Å visualisere tyder “å sjå for seg”. Når ein freistar å sjå for seg noko for å behandle eit helseproblem, vert det kalla visualiseringsterapi. Til dømes kan du forestille deg at immunforsvaret går til åtak på sjukdomen, og at du då skal verte frisk. Ifylgje visualiseringsterapeutar kan dette verke positivt på helsetilstanden. 

Visualiseringsterapi kan også femne fleire sansar for å sjå for seg den helsetilstanden ein ynskjer å oppnå. I behandlinga freistar ein å vekkje sanseopplevingar som smak, hørsle, lukt, synsopplevingar og kjensler. Visualiseringsterapi kan gå for seg hjå ein terapeut eller på eiga hand, med hjelp av innspelt lyd. 

Visualiseringsterapi vert ofte kombinert med avslappingsteknikkar som til dømes meditasjon. Ifylgje utøvarane kan slike teknikkar gjere visualiseringa meir effektiv.

Visualisering vert også nytta for å betre prestasjonar, til dømes innan idrett, men det vert ikkje rekna som terapi.

Internasjonalt vert visualiseringsterapi nytta for å behandle fleire typar helseplager. Dette er ikkje det same som at behandlinga er trygg eller har støtte i vitskapen for verknad. Meir om forsking på tryggleik og verknad finn du i avsnitta nedanfor.

Variantar: Styrt meditasjon, guidet visualisering
Engelske namn: Visualization therapy, Guided imagery

Les meir

Kjelder

       

Oppdatert 13.10.2015