Du er her: Forsiden / Behandlingsformer / Yoga

Yoga

Oppdatert 15.03.2017
  • twitter logo
  • facebook logo
  • printer

Verkar det?  |  Er det trygt?  |  Bakgrunn  |  Les òg  |  Kjelder

Yoga vert nytta både som treningsform og som behandling. Foto: Ingunn A. Mæhlum

Yoga vert nytta både som treningsform og som behandling. Foto: Ingunn A. Mæhlum

Samandrag

  • Yoga er eit samlenamn for ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk.
  • Slik yoga vert praktisert av mange i dag, kan det definerast som ei type eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar.
  • Det finst ikkje solid dokumentasjon i kjeldene våre om tryggleiken ved bruk av yoga.

Verkar det?

 Les og vår artikkel om yoga ved kreft på vår temaseksjon om alternativ kreftbehandling.

Her er ei oversikt over kva kjeldene våre har av oppsummert forsking på ulike bruksområde av yoga. Detaljar finn du ved å klikke på det enkelte bruksområde.

HAR EFFEKT SER UT TIL Å HA EFFEKT MAN VET IKKE SER IKKE UT TIL Å HA EFFEKT HAR IKKE EFFEKT
 

Depresjon

Ryggsmerte

Tuberkulose

Ved graviditet

ADHD

Angst

Betennelse i bukspyttkjertel (kronisk)

Diabetes

Epilepsi

Fibromyalgi

For tidlig utløsning

Hjertesvikt

Høyt blodtrykk

Irritabel tarm syndrom

Karpaltunnelsyndrom

Kognitiv yteevne (hos barn)

Kronisk bronkitt

Migrene

Multippel sklerose (MS)

Nyresykdom

Overgangsplager

Prestasjonsangst

Schizofreni

Slitasjegikt

Stress

Søvnforstyrrelse

Alle andre bruksområder

Astma  

Internasjonalt veit ein at yoga vert nytta i behandling av fleire typar helseproblem. Dette er ikkje det same som at yoga har vitskapeleg dokumentert verknad mot desse.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon i kjeldene våre om tryggleiken ved bruk av yoga. Samstundes er det heller ikkje rapportert om alvorlege bivirknadar.

Yoga vert generelt rekna for å vere trygt for normalt friske folk, når det vert praktisert på rett måte. Det finst førebels få eller ingen rapporterte farar i kjeldene våre med å bruke yoga, men visse grupper bør vere varsame og drøfte bruk av yoga med lækjaren sin på førehand:

Kjende biverknadar

Forskinga rapporterer om få biverknadar. Instruktørane og lærarane talar om moglege, men kortvarige og milde biverknadar så som forbigåande hovudverk, trøytte eller ubehag i musklar og/ eller ledd som har blitt strekte. Dersom du merkar negative verknader ut over dette og meiner at desse skuldast yoga, bør du kontakte lækjar.

Forsiktigheitsreglar

Instruktørane seier det er viktig at urøynde deltek på kurs, både for å få rettleiing og utbytte av teknikkane, men også og for å hindre overbelasting grunna feil utføring av yoga-stillingane.
Ifylgje kjeldene våre bør du ikkje gjere yoga hvis du har:

 

Gravide bør berre gjere yoga som er tilpassa gravide. Årsaka er at dei ikkje må overbelaste livmora eller utsetje seg for vridingar i underlivet.

Som med andre fysiske treningsprogram, er det viktig å varme godt opp musklar og ledd før ein gjennomfører krevjande yoga-øvingar. Let ein dette vere, kan ein få strekkskadar.

Vær merksam på at helseskade kan oppstå dersom instruktøren ikkje rådar klienten til å oppsøkje naudsynt medisinsk behandling. Bruk av alternativ behandling bør aldri erstatte medisinsk hjelp og behandling frå den offentlege helsetenesta. Dette gjeld alle typar alternativ behandling. Les meir om dette i pasientveiledninga vår.

Bakgrunn

Yoga er eit samlenamn for ulike teknikkar for kroppsøvingar, konsentrasjon, meditasjon og pusteteknikk. Yoga femner også reglar og etikk for atferd og reinsing. Som terapi høyrer yoga til i det austlege medisinske systemet ayurveda.

Kva tyder yoga?

Ordet ”yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust.

Kva er målet med yoga?

Opphavleg var målet med yoga religiøst, der ein skulle oppnå djup konsentrasjon og erkjenning av noko som ga frelse frå å verte fødd på nytt.

Slik yoga hovudsakleg vert praktisert i vesten, er målet som regel betre helse, avstressing og velvære. I teorien vert det nemnt at det er eit mål å oppnå medviten kontroll over andedraget. Dette  skal gi auka velvære, betre kontroll over kroppen, og medverke til mental og kjenslemessig harmoni. Innan teorien meiner ein og at yogateknikkane skal kunne fjerne negative kroppshaldningar så vel som negative tankemønster.

Gjennom å øve seg på ulike kroppsstillingar skal ein kunne få auka smidigheit, styrkte musklar og betre blodsirkulasjon. Dei skal og kunne dempe stress, hovudverk og muskelsmertar. Ulike yoga-stillingar skal ifylgje teorien gjere utøvaren medveten om kroppen og sinnet sine reaksjonar på daglegdagse situasjonar, ikke berre under sjølve øvinga, men også resten av tida.

Yoga vert brukt både som treningsform og som målretta  behandling ved ei rekkje lidingar og tilstandar. Blant slike finn ein migrene, ryggsmertar, overvekt, rusavvenning, klimakterieplagar, whiplash (nakkeslengskadar), diabetes, premenstruelle spenningar, andre menstruasjonsplagar, søvnløyse, angst, leddbetennelse eller revmatisme, nerve- og muskelsjukdom, høgt blodtrykk, astma, bronkitt og andre luftvegsplagar, hemoroider og hjartesjukdom. Dette er ikkje det same som at yoga har verknad mot desse tilstandane.

Korleis oppsto yoga?

Yoga er ein svært gamal indisk praksis, og ein meiner at yogaen var til stades i Indu-sivilisasjonen frå 3000 til 1700 år f.Kr. Etter kvart blei yoga ein av fleire andelege tradisjonar som er knytt til hinduismen. Der vert yoga forstått kun som mental konsentrasjon, og ikkje som fysiske øvingar, slik ein kjenner yogaen i vesten i dag.

Teksten Yogasutra av den indiske vismannen Patanjali, vert rekna som grunnlaget for tankesystemet yoga. Fram til 1920–talet var yoga ei nærast hemmeleg lære, kun for indiske munkar. Etter det vart yoga spreidd til heile det indiske folket. Fleire av dei sentrale i dette arbeidet hadde lækjarutdanning, og ein la vekt på yoga som både helsefremjande og førebyggjande ved både psykisk og fysisk sjukdom.

Utbreiing i verda

Størstedelen av dei som driv med yoga er hinduar i land der hinduismen står sterkt som religion, som India, Nepal og Pakistan.

Då interessa for austleg kultur, filosofi og tradisjonar byrja å vekse i vesten for nokre tiår sidan, kom også yogaen vestover. Det finst mange variantar av yoga, og dei har fått ulikt fotfeste kring om. Hathayoga femner fleire variantar, og har fått mange tilhengjarar. Desse formene for yoga legg vekt på intense øvingar, og vert rekna som fysiske treningsformer. I vesten vert slik yoga ofte tilbydd som enkeltståande kurs, som trim og trening ved treningssenter eller på eigne yoga-skular.

I dag vert yoga nytta av millioner av menneske over heile verda. Ifylgje det amerikanske NCCAM var yoga blant dei ti mest brukte alternative behandlingane i 2007. På sjukehus i Sverige tilbyr dei yoga som ein del av rehabiliteringa etter hjarteinfarkt. Hathayoga står på timeplanen i det indiske skuleverket, og i England er yoga-organisasjoner med i det britiske idrettsforbundet.

Variantar: ashtanga, bhakti, bikram,  iyengar, jivamukti, kundalini, kripalu, mysore, polaritetsyoga, poweryoga, raja, sivananda, tantrisk yoga, vinyasa, yin yoga, yogaterapi

Teorigrunnlag

Yoga-tradisjonen byggjer på ein filosofi om kva som er sann lukke. Dette inneber ein idé om at dersom du ikkje styrer og kontrollerer sansane dine, vert du fanga i førestillingar som endar med lidingar, smerte og sorg. Vert sansane dine tilfredsstilte, fører det til uro, trong og attrå.

For å ta styringa over ditt eige mentale og fysiske liv må du ifylgje læra øve opp konsentrasjonen og ha fokus på andedraget. Huget etter for eksempel opplevingar, spenning og nyting skal då forsvinne. Å vere fri frå alle slag forstyrringar kallast ”den høgste tilstand”, og slik kontroll over sansane er det som vert kalla yoga.

Grunnsystemet i yoga

Grunnsystemet i yoga består av åtte fasar som ein skal prøve å komme igjennom. Dei fyrste fem handlar om det yogaen kallar den ”ytre fasen”, og rettar seg mot kroppen og hjernen. Dei tre siste handlar om den ”indre fasen”, og tek sikte på å omskape sinnet. Det er knytt ulike funksjonar og mål til kvar fase:

 

Prana og nadiar

Sentralt i yogalæra står ideen om prana, som skal vere sjølve livskrafta. Ifylgje læra strøymer ho gjennom 72.000 spesielle årer, kalla nadiar. Denne ideen er ikkje ulik ideane frå kinesisk medisin om livsenergien dei der kallar qi, og om meridianane som qi seiest å strøyme gjennom. Desse er ikkje stadfesta av vitskapen.

Ifylgje yogalæra kan du utvikle og endre prana og nadiane dine gjennom pusteøvingar, og nytte dei som ei lækjande kraft ved sjukdom.

Yogalæra femner og ei rekkje mindre, lokale ”energi-senter” i kroppen, og ulike energiar som vert knytt til spesifikke organ som dei seiest å verke på. Felles for desse er at ein gjennom å gjere yoga, skal kunne kome i kontakt med desse energi-sentra, og lære seg å kontrollere desse gjennom spesifikke øvingar, og nytte desse til å behalde eller kome tilbake i ein god helsetilstand.

Helseforståing

Yoga baserar seg på at det finst eitt godt og fleire dårlege høve mellom mellom inn- og utpust. Dårlege høve mellom desse, vil ifylgje læra føre til redusert livskraft (prana) og dermed dårleg helse. Ved hjelp av kroppen og pusten skal ein kunne oppnå betre jamvekt og mental styrkje.

Læra seier vidare at kroppen er bygd opp av fleire lag, eller behaldarar, der det ytste laget vert kalla "den fysiske kroppen". Dei neste laga vert kalla "energikroppen", "den mentale kroppen", og det inste vert kalla "den lukkelege kroppen".

Ifylgje læra livnærar eit kroppslag seg av energi frå laget som ligg under det. Dersom du ikkje syter for å stadig byggje opp det inste laget, vil energien din ifylgje læra bli ”oppbrukt”. Dersom det skjer, seier læra at det oppstår disharmoni og sjukdom.

Denne forståinga av helse og sjukdom er ikkje støtta av vitskapen. Yoga baserer seg på observasjonar og tolkingar fram til teoriar om moglege samanhenger mellom kropp, tanke og sinnet sin funksjon og evne, og korleis desse reagerar på stimulans utanfrå.

Verkemåtar

Ifylgje yogalæra seier pusten også noko om sinnstilstanden og helsetilstanden. Nyttar du yoga, vil du ifylgje læra kunne bryte med uheldige pustemønster og fjerne mentale sperrer.

I yogaen meiner ein også at sjukdom oppstår dersom kroppen sitt indre er i ubalanse med dei ytre omgjevnadane. For å kome attende i slik balanse, må ein ifylgje læra fyrst trene opp sin eigen sensitivitet slik at ein sjølv kan kjenne når kroppen er i ubalanse.

Ved å utøve yoga, skal ein kunne oppnå slik kontroll, også over tilsynelatande umedvitne indre funksjonar i kroppen. På denne måten meiner læra at du sjølv skal kunne gjere deg frisk frå sjukdom og plager.

Ifylgje teorien skal yoga også ”massere” kroppen sine indre organ, styrkje nerver og musklar og gi auka rørsle i ledda dine. Læra meiner òg at yoga-øvingane skal kunne roe sinnet, fjerne bekymringar og dermed gi deg auka positiv tankegang og energi.

Desse verkemåtane og teoriane er antakelsar utan solid vitskaplig dokumentasjon.

Diagnose

Utover dei generelle tankane om helse og sjukdom, der til dømes eit dårleg høve mellom inn- og utpust ifylgje læra vil føre til dårleg helse, vert ikkje yoga nytta som verkty for å påvise konkret sjukdom.

Yoga i praksis

Korleis foregår yoga?

Slik yoga vert praktisert av mange i dag, kan yoga definerast som ein form for eigabehandling ein anten nyttar for velvære, eller for å verte frisk frå ulike plagar. Ein går gjerne på kurs eller deltek i faste timar/ samlingar for å både lære og praktisere dei ulike øvingane og stillingane, der ein vert rettleia av ein yoga-instruktør.

I yoga nyttar ein lite utstyr. Det er vanleg å ha ei dempande matte på golvet, eit pledd til å dekkje kroppen, og ein ball til bruk ved tøying og strekk. Nokre nyttar og ein spesiell krakk til øvingar kor ein sit på kne. Ved meditasjonsøvingar nyttar nokon band eller skjerf kring hovudet eller augene, for å ikkje bli forstyrra av synsinntrykk og betre kunne konsentrere seg.

I yoga andar ein gjennom nasen. Å ha god luftveg gjennom nasen er difor viktig. Av den grunn rår læra til naseskylling før øvingane, ved hjelp av vatn frå ei spesiell kanne for dette føremålet.

Moderne yoga kan delast i to hovudgrupper:
• tradisjonar som legg vekt på mental konsentrasjon og andedrag.
• tradisjonar som legg vekt på kroppslege, fysiske øvingar og andedrag.

Yoga-stillingane tek sikte på å utvikle kontrollert avslapping og smidigheit. Læra legg vekt på at øvingane skal gjerast sakte: nokre stillingar skal gjerast i eitt minutt eller meir. Grunnen til dette skal vere at utøvaren skal være konsentrert om andedraget. Øvingane skal ikkje innehalde store kraftanstrengelsar eller sterk fysisk utfalding. Stillingane er meint for at utøvaren skal merke og fokusere på sin eigen kropp, sinn og andedrag.

I dag finst det eit stort tilbod av yoga-teknikkar, stillingar og kurs/ program, tilpassa menneske i ulike tilstandar: Til dømes yoga for gravide, eller for personar med ulike sjukdomar/ skadar, utvikla for å skulle styrke og trene visse delar av kroppen. Det er vanleg at ein vert oppfordra til å øve på stillingane mellom yogatimane på kurset. Det er eit mål at det ein lærer der, skal ein ta i bruk i kvardagen. Ynskjer ein å nytte yoga som behandling ved konkret sjukdom/ plagar, plar instruktørane leggje vekt på fleire korte økter, gjerne kvar dag.

Yoga i Noreg

I 1950 kom den indiske yogalæreren Selva Raja Yesudian til Sveits. Han skrev boka Sport und Yoga. Interessa for yoga spreidde seg derfrå til andre land i Europa. Ifylgje ein kronikk av professor Knut A.Jacobsen ved UiB vart det både oppstandelse og kritikk av yoga då det kom hit til landet på 1970-talet:

Den norske kyrkja og kristenfolket sette seg sterkt imot yoga, og åtvara mot bruk. Dette var truleg både på grunn av yogaen sin tidlige tilknytning til ein for oss framand religion, og til elementet om at bruk av yoga skal gi deg djup konsentrasjon og frelse frå attføding. Yoga femner og ideen om at mennesket sjølv kan bli ein del av guddommen. Dette var ikkje i samsvar med den kristne læra og tru om liv etter døden, og vakte stor debatt.

I Noreg treng ein ikkje medisinsk utdanning eller autorisasjon som helsepersonell for å vere yoga-instruktør og gi råd eller rettleie andre i yoga mot helseproblem.

Les òg:

Kjelder

  • Berg-Olsen, Bertil og Anaikki Bradford (fagred.1996): Den store oppslagsboken om alternativ medisin. Notabene Forlag, Oslo
  • Chopra, Deebak og David Simon (2005): Yogaens 7 åndslover. En veiledning i å helbrede kropp, sinn og sjel. N.W.Damm & Søn AS. ScanBook AB, Sverige.
  • P2 Akademiet. Bind XXXI 20.11.2003 – 26.2.2004. Jacobsen, Knut A.: Hva er Yoga? Digibok, Oslo.
  • Jacobsen, Knut A. (2004): Yoga. Verdens hellige skrifter oversatt av, Kåre A. Lie og Rasmus Reinvang. De Norske Bokklubbene.
  • Lark, Liz og Tim Goullet(2006): Yoga som healing. N.W.Damm & Søn AS, Dubai.
  • Forskning.no : Yoga mot depresjon (Henta dato 10.09.2010)
  • Institutet for medicinsk yoga: Medicinsk yoga på läkarstämman. (Henta dato: 22.10.2010)
  • Jacobsen, Knut A.:NRK P2 Akademiet: ”Hva er yoga?” (Henta dato: 01.09.2010)
  • Jacobsen, Knut A. (Aftenposten): ”Indisk vei til helse og velvære”. (Henta dato: 01.09.2010)
  • National Centre for Complementary and Complementary Medicine:Yoga.(Henta dato: 10.09.2010)
  • Paaske, Christian (2003): Yoga i sin helhet: Del 1, Yoga i sin helhet: Del 2.
  • The Cochrane Library
Oppdatert 15.03.2017