Hårmineralanalyse

Fredag, 1. mars 2013

NIFAB nyttar The Cochrane Library som kjelde til informasjon om verknad.  Som kjelder til informasjon om tryggleik nyttar vi òg Natural Medicines.

Analyseresultat. Illustrasjonsfoto: stock.xchng

Kva er hårmineralanalyse?

Verkar det?

Er det trygt?

Les meir

Kjelder

Samandrag

  • Hårmineranalyse er eit diagnoseverkty, der ein freistar å måle kor mykje mineralar som finst i håret. Det vert ofte nytta ved udefinerte helseplager, eller  mistanke om feilernæring eller tungmetallforgifting.
  • Det finst ikkje solid vitskapeleg dokumentasjon som viser at hårmineralanalyse kan brukast til å avgjere om ein treng kosttilskot eller  store endringar i kosten.
  • Kjeldene våre omtalar ikkje tryggleik ved sjølve analysen, men understrekar at hårmineralanalyse ikkje bør nyttast som grunnlag for å behandle helseproblem.

Kva er hårmineralanalyse?

Variantar: håranalyse
Engelsk namn: hair analysis

Alternative behandlarar som tilbyr dette, meiner at hårprøver kan gi svar på om kroppen har riktige nivå av mineralar, og om han inneheld skadelege stoff. Sjølve behandlinga har som mål å fjerne eventuelle skadelege stoff og få riktige nivå av mineralar i kroppen.

Ein hårmineranalyse startar gjerne med ein samtale om  klienten si sjukehistorie og kva symptom klienten har. Deretter tek ein sjølve hårprøva, to-tre centimeter hår fra inst ved hårrota, og sender ho inn til eit laboratorium som driv med hårmineralanalyse. Det finst òg laboratorie som tek imot hårprøvar frå privatpersonar direkte.

NIFAB har ikkje detaljert oversikt over korleis prøva vert behandla, men det er vanleg at håret fyrst vert brent, og at det så er asken etter det som vert analysert.

I fylgje behandlarane kan ei hårprøve vise mineral- og giftinnholdet i kroppen over lengre tid. Grunnen til dette, er at mineral og giftstoff i kroppen binder seg til håret etter kvart som det veks. Di lenger hårprøva er, di lenger attende i tid skal ein kunne måle.

Når prøveresultata er ferdige vert dei sendt tilbake, og tolka av behandlaren, som deretter foreslår ei behandling. Dette kan omfatte råd om endring av kosthald og livsstil, og bruk av ymse mineraltilskot.

Hårmineralanalyse vert brukt som diagnoseverkty innan fleire alternative behandlingsformar, til dømes ernæringsterapi, biopati, miljømedisin og naturopati. Dette er ikkje det same som at hårmineralanalyse er trygt eller er vitskapleg dokumentert som diagnoseverktøy. Meir om forsking på verknad og tryggleik finn du nedanfor.

Korleis finne ein behandlar

“Hårmineralanalyse” er ikkje eit verna  omgrep, og “hårmineralanalytikar” er ikkje ein verna  tittel i Noreg. Det vil seie at alle som vil kan kalle seg hårmineralanalytikar og/eller tilby hårmineralanalyse. Dette inkluderer å ta og sende inn prøvar til hårmineralanalyse-laboratorie, og tolke resultata når dei ligg føre.

NIFAB rår til å velge  behandlarar  som er organiserte i eit forbund, og registert i Brønnøysundregistra. Les meir om dette her.

Verkar det?

NIFAB nyttar kun metastudiar gjort av The Cochrane Library som kjelde til informasjon om verknad av behandlingsformar. Den 23. november 2012 var det ingen slike studiar som handla om hårmineralanalyse.

Det vil seie at NIFAB ikkje kan gi opplysingar om nytta av hårmineralanalyse som diagnoseverkty. Ut frå NIFAB sine kriterie, finst det difor heller ikke tilstrekkeleg vitskapleg støtte for å hevde at hårmineralanalyse er eit påliteleg diagnoseverktøy.

Norske autoritetar innan helse, samt fleire av NIFABs kjelder, omtalar òg hårmineralanalyse som uvitskapleg og utilstrekkjeleg til å slå fast helsemessige avvik eller forgifting.

Er det trygt?

Det finst ikkje solid dokumentasjon om tryggleiken ved bruk av kommersiell hårmineralanalyse slik vi finn det på den alternative behandlingsmarknaden. NIFAB sine kjelder nemner ingen spesielle grupper som bør unngå å nytte hårmineralanalyse.

Biverknadar

Ifylgje NIFAB sine kjelder er det ikkje rapportert om biverknadar av sjølve hårmineralanalysen. Det kan imidlertid vere knytt fleire biverknadar, interaksjonar og moglege risikoar til kvart enkelt produkt ein vert rådd til å nytte. Nokre av dei mange stoffa vil du kanskje finne fakta om her.

I tillegg har nokre av dei vanlege produkta ein kan få råd om å nytte etter hårmineralanalyse vore i søkjelyset hjå norske helseautoritetar. Når desse risikoane vert vekta mot at hårmineralanalyse ikkje har noko vitskapeleg dokumentert nytte, ender fleire av kjeldene opp med å fraråde hårmineralanalyse som grunnlag for bruk av kosttilskot eller radikale endringar av kosthaldet.

Dersom du opplever negative verknadar som du meiner skuldast hårmineralanalysen, bør du kontakte lækjar.

Generelle tryggingsreglar

Store endringar i kosthaldet bør kun skje etter ein har samrådd seg med lækjar.

Alternative behandlarar kombinerer ofte fleire behandlingsformer. Det vil seie at det kan gjelde andre og fleire tryggingsreglar enn dei som vert nemt for kvar einskild behandlingsform.

Den som er gravid eller ammar, bør ifylgje NIFAB sine kjelder vise ekstra varsemd i bruk av alternativ behandling. Grunnen til dette, er at det som regel ikkje ligg føre informasjon om tryggleik særskilt for desse gruppene.

Ver merksam på at helseskade kan oppstå dersom behandleren ikkje rår klienten til å oppsøke naudsynt medisinsk behandling. Dette gjeld alle former for alternativ behandling.

Bruk av alternativ behandling bør ikkje kome i staden for naudsynt medisinsk hjelp.

Les meir

Kjelder