Kinesiologi er eit behandlingssystem som nyttar muskeltesting som diagnoseverkty. For behandling nyttar kinesiologar seg av ulike metodar, som akupressur, massasje, kosttilskot, fysiske øvingar og mentale teknikkar.
Namnet kinesiologi er utleita og lånt frå fysikken. Ordet kinesiologi kjem frå det greske ordet ”kinein” som tyder å bevege. Namnet kinesiologi tyder ”læra om musklane sine bevegelser”.
Kinesiologen søkjer å gjenopprette muskelbalansen og sette i gang prosessar som skal gjere at kroppen lækjer seg sjølv frå sjukdom og plagar.
Kinesiologi blei utvikla som system i byrjinga på 1960-talet og vart offisielt grunnlagt i USA av den amerikanske kiropraktoren George Goodheart i 1964. Han dreiv i byrjinga ei verksemd saman med far sin, som også var kiropraktor, men i tillegg var utøvar av osteopati og homeopati. Som kiropraktor jobba George Goodheart ut ifrå teorien om at stramme og krampeaktige musklar strålar ut smerte som trekkjer ryggsøyla skeiv.
I motsetnad til kva han som kiropraktor hadde lært, meinte han etter kvart at det ikkje var den synlege muskelen som var eit problem, men derimot at ein svak muskel på ei side av ryggrada kunne få ein muskel på den motsette sida til å kjennast eller synast for stram. Goodheart utvikla på eige hand ein muskeltest, basert på ideen om at ein kan identifisere, behandle og styrkje svake musklar.
George Goodheart dreiv praksis som kiropraktor i over femti år i Michigan, og blei forskningsdirektør av International College of Applied Kinesiology (ICAK-USA), som vert grunnlagd på midten av 1970-talet. I dag er det mogeleg å ta bachelor-, master- og PhD grad i kinesiologi ved fleire universitet i Europa, Asia og USA . Kinesiologi er i dag utbreidd over heile verda.
Kinesiologi er eit system som kombinerer austlege teoriar om mellom anna mennesket sitt energisystem og meridianar, med vestleg anatomi, fysiologi og bevegelseslære. Kinesiologien legg til grunn antakelsen om at energi flyt rundt i kroppen gjennom eit såkalla meridiansystem, og at sjukdom oppstår dersom meridianane vert blokkert slik at energien ikkje kan flyte fritt. Klarer ein å fjerne desse blokkeringane, skal sjukdomen forsvinne.
Sentralt i teorien er at kroppen er i stand til å lækje seg sjølv, om berre energien får flyte fritt. Som fylgje av dette behandlar ikkje kinesiologar sjukdommar eller symptomar direkte, men balanserar og testar den såkalla livsenergien, og gir behandling som skal styrkje sjølvhelbredingsprosessar i kroppen.
Ifylgje grunnleggjaren Goodheart sin teori skal blokkeringar i meridianane og såkalla ”under-energi” i musklar kunne fjernast ved å påverke dei såkalla akupunkturpunkta med massasje, akupressur, fysiske øvingar, mentale teknikkar samt endring av kosthald og kosttilskot. Musklar skal med dette få igjen styrken, energien kan flyte fritt igjen, og kroppen sine sjølvhelbredande krefter skal kunne verke optimalt.
Teorien om og verkemåten ved energiflyt, blokkeringar, meridianar og akupunkturpunkt er antakelsar som ikkje er dokumenterte eller vitskapeleg påviste. Samstundes finst det, ifylgje NOU (1998:21) haldepunkt for at sjølve muskeltestingmetodikken i kinesiologien kan forklarast ut frå nevromuskulære verkemåtar, der den vert beskreven som ”mogeleg effektiv”.
Goodheart granska forholdet mellom visse musklar og dysfunksjonar i bestemte organ og kjertlar, og utvikla på bakgrunn av det eit system for diagnostisering og behandling. Han meinte til dømes at personar med magesår nesten alltid testa svakt på ein spesifikk muskel i skuldra, og at mange personar med nyreproblem testa svakt på ein muskel ved øvre del av lårbeinet.
Ut frå dette meinte han å kunne sjå samanheng mellom visse musklar sin styrke og dysfunksjon i eit korresponderande organ. Goodheart meinte og at meridianlæra frå tradisjonell kinesisk medisin kunne forklare forholdet mellom musklar og organar. Dette systemet knytte han saman med sin eigen teori om eit eige ”muskel-organ-system”.
På bakgrunn av dette meinte han og å kunne forklare at og korleis ein muskel vert ”avslappa eller svak” ved ein muskeltest. Testen skal fortelle terapeuten kva type behandling personen skal ha; kjemisk ved hjelp av kosttilskot, strukturelt ved hjelp av fysiske øvingar eller psykisk ved bruk av mentale teknikkar.
Kinesiologi foregår ved hjelp av muskeltesting som er eit felles og sentralt diagnoseverkty for dei ulike retningane innan kinesiologien. Utøvarane meiner å kunne fastslå ubalansar og blokkeringar i energiflyten ut frå om musklane vert spente eller avslappa under testinga. Muskeltestinga vert nytta for å finne om ei spesifikk muskelgruppe fungerer normalt, og foregår ved at terapeuten utfører lette trykk på utvalde musklar.
Om ein muskel i samantrekt tilstand vert belasta mot utstrakt posisjon og framleis held styrkjen, vert det tolka som at muskelen fungerer normalt. Vert muskelen slapp og gjev etter under belasting, skal det vere ein indikator på at muskelen er svak eller har ”under-energi”.
Kinesiologen meiner og å kunne teste musklar ved å til dømes leggje eit næringsmiddel ein stad på kroppen til pasienten. Vert ein muskel slapp under ein slik test, tolkar kinesiologen det som eit teikn på at det aktuelle næringsmiddelet gjev auka ubalanse i kroppen. Terapeuten meiner dermed å kunne avdekke om, og kva slag, næringsmiddel pasienten kan verte sjuk av, og som pasienten difor bør halde seg borte frå.
Vert muskelen spent, blir det tolka som eit teikn på at næringsmiddelet hjelper til med å gjenopprette balanse og set i gang prosessar slik at kroppen lækjer seg sjølv. Då meiner kinesiologen at pasienten bør inkludere dette næringsmiddelet i kosten sin. Når kinesiologen er ferdig med muskeltestinga, vil han foreslå ei behandling ut frå testresultata.
Ein kinesiolog kan velje å bruke fleire ulike behandlingsteknikkar, som: massasje av akupunkturpunkt, homeopatiske middel, råd om kosthald, kosttilskot, fysiske øvingar, og ulike mentale teknikkar. For at kinesiologi skal ha størst effekt, meiner utøvarane at pasienten må fylgje opp sjølv, gjerne med å gjere eit sett spesielt tilrettelagte øvingar heime mellom behandlingstimane. Ein terapeut vil som oftast gjere ein ny muskeltest seinare for å sjå om behandlinga verkar.
Ifylgje utøvarane vert kinesiologi nytta ved eit stort antal ulike plager i Noreg, som til dømes stress, angst, depresjonar, ryggplagar og lærevanskar. Ifylgje granskingar blant pasientar nyttar somme kinesiologi for å freiste å førebyggje sjukdom, å auke idrettsprestasjonar eller å få kjensle av meir overskot og meistring ved ulike prestasjonar.
Yrkestittelen kinesiolog er ikkje ein beskytta tittel her til lands, så kven som helst kan kalla seg kinesiolog. Fleire variantar og retningar innan kinesiologien er representerte i Noreg, og utøvarane praktiserer difor kinesiologi på litt ulike måtar, med ulik tilnærming. Tre døme på retningar er:
”Touch for Health”: Dette er ei grein innan kinesiologien som blei utvikla av kiropraktoren John F. Thie. Han la vekt på at kvar husstand skulle ha eit medlem, som med denne teknikken skulle kunne førebyggje, skape og halde vedlike helsa for alle. Teknikken dreiar seg mykje om førebyggjing og vert ofte kalla ”avbalansering”.Ved hjelp av denne metoden skal du i fylgje kinesiologane kunne vite korleis du mellom anna kan styrkje andre og deg sjølv for å oppnå betre kroppshaldning, auka livsenergi, stressredusering, smertelindring, sunn livsstil, motivasjon og målmedvit. ”Touch for Health” handlar altså om både eiga behandling og behandling av andre.
Pedagogisk kinesiologi: Utøvarane i denne retninga legg vekt på å øve opp samarbeid mellom venstre og høgre hjernehalvdel, mellom fram- og baksida av kroppen, mellom høgre og venstre side av kroppen samt mellom hovudet og kroppen. Hensikta med dette er at slik trening skal lage dei beste tilhøva for innlæring. I denne retninga blir det nytta både visualiseringsmetodar, fysiske øvingar, samt spesifikke teknikkar som skal gje til ”emosjonell frigjering”. Utøvarane av denne retninga meiner at dette fjerner stress, aukar konsentrasjonsevna og betrar hjernen si evne til koordinering.
Transformasjonskinesiologi: Her søkjer utøvarane å endre klienten sine vanar og mønster. Sjølv om utøvarar av denne retninga nyttar seg av muskeltestinga i kinesiologien, legg dei her meir vekt på å avdekke og endre (”transformere”) klienten sine negative vanar, tankemønster og kjensler, enn å søkje å helbrede fysisk sjukdom og plage . Ifylgje teorien kan umedvetne tankar og kjensler blokkere energiflyten i menneskekroppen. Innsikt i slike tankar og kjensler skal saman med resultata frå muskeltestinga gje klienten større makt til å oppnå eit sunnare og betre liv.
I Noreg er det og vanleg at kinesiologi blir nytta av andre yrkesgrupper, som til dømes psykologar, fysioterapeutar, legar, tannlegar og naturterapeutar . Ifylgje NOU (1998:21) er det heller ikkje uvanleg at pedagogar innan PPT-kontor og i grunnskolar nyttar seg av metoden. For elevar med dysleksi og andre læringsvanskar skal pedagogisk kinesiologi, i fylgje utøvarar, kunne verke stressreduserande og dermed fremje meistring ved lærevanskar.
NIFAB nyttar Cochrane Library sine metastudiar som kjelde til informasjon om forsking på effekt.
Det finst ikkje solid dokumentasjon på effekten av kinesologi. Sjølv om det kan finnast enkeltstudiar og systematiserte brukererfaringar på effekten av kinesologi, regnast ikkje dette som solid dokumentasjon.
Søket er gjort i november 2010. Les meir om forsking og NIFABs kjelder og framgangsmåte her.
Det finst førebels få eller ingen rapporterte skadar eller farar i våre kjelder med å bruke kinesiologi.
Kinesiologi kan nokre gonger nytta kosttilskot som ein del av behandlinga. Ein del kosttilskot kan gi biverknadar og bør ikkje nyttast dersom ein samstundes nyttar medisinar. Les meir om dette her, og spør lækjaren din om bruk av kosttilskot dersom du brukar andre medisinar samstundes.
Personar med kroniske eller alvorlege lidingar bør konsultere helsepersonell om fysiske øvingar og treningsprogram dei vurderar å bruke. Ein bør også vere på vakt for til dømes allergiske reaksjonar dersom ein plutseleg inkluderar næringsmiddel som hittil ikkje har vore ein naturleg del av kosthaldet. Personar med mangelsjukdomar bør konsultere lækjar før dei gjer større endringar i kosthaldet sitt.
Kinesiologi er ei eiga yrkesgruppe, der utøvarane har sitt eige fagforbund, Den Norske Kinesiologforening. DNKF er godkjent av Helsedirektoratet, slik at medlemmane kan registrere verksemda si i Utøverregisteret i Brønnøysund. Ikkje alle som praktiserer kinesiologi i Noreg er medlemmar i DNKF. Nokre kan og ha valt å vere medlemmar i andre forbund. Den Norske Kinesiologiforening er medlem av SABORG. Om dei pliktane forbundet og utøvarane har ved å være medlem i SABORG kan du lese om her.
Pasientveiledning
Korleis finne ein alternativ behandlar
Faktaopplysningene i artikkelen om kinesiologi har vore til gjennomlesning hjå Den Norske Kinesiologforening.